Gårsdagens løysing frå ferdige politikarar

Då det nye kommunestyret i Fjell hausten 2007 omsider klarte å verta samde om kven som skulle sitja i posisjon, vart koalisjonsarkitektane Lars O. Lie (61), Georg Indrevik (69) og Inge Ree (71) intervjua i Vest-Nytt. Lokalavisa gjorde eit poeng av alderen til dei tre. Fordelen med ein såpass oppiåra leiartroika vart framheva: Av di pensjonen forlengst var sikra og dei slapp tenkja på attval, kunne dei sørgja for å driva gjennom upopulære forslag som det elles ikkje ville ha vore demokratisk fleirtal for.

Det vi hittil har sett av politisk handtering av nytt Sotrasamband gjev meining til intervjuet. Intervjuet var slett ikkje meint som spøk. Her ser vi eit skrekkeksempel på tre gamle menn som i fullt alvor ønskjer å påtvinga komande generasjonar gårsdagens løysing. Dette vert dei gamle menns bru.

Ei ny bru i høgspent-traseen løyser ingen problem. Køane vert flytta innover mot sentrum.  Sambandet vert like sårbart for uver og trafikkale hendingar som dagens bru. Bergen sentrum vil framleis måtta slita med miljøkonsekvensane av å måtta svelga unna all gjennomgangstrafikk.

Eg har ingen fordommar mot eldre. Tvert om har eg gjennom heile oppveksten hatt stor glede av å lytta til visdomen deira. Vanlegvis er dei både kloke og interessante å diskutera med. Når dei i sjeldne tilfeller misbrukar posisjonen sin, er tida likevel inne til å seia stopp. Om vi ser vekk frå det reine maktperspektivet, er det ingen grunn til å gå for den løysinga som tre gamle menn ser ut til å ha klart å tvinga gjennom politisk fleirtal for i augeblikket. Tvang er ikkje eit verkemiddel som kan løysa trafikkale problem.

Ville politikarar som var opptekne av gjenval ha tort å tvinga gjennom denne løysinga? Nei. Desse politikarane veit at dei er ferdige.