Vil rydda opp i tomtefestesaka i Klokkarvik

Sund kommune bør vurdera å kjøpa ut heile det attståande festearealet i Klokkarvik. Spørsmålet er berre om dei rekk det. For Roald Broch vil det uansett ikkje innebera nokon betalingsreduksjon.
Continue reading «Vil rydda opp i tomtefestesaka i Klokkarvik»

Bustadboble i Fjell

Utbyggjarane i Fjell pumpar ut nye bustadar langt raskare enn kva marknaden klarar å svelja unna. Sidan mars har talet på bustadar til sals i kommunen auka med 70 prosent. Continue reading «Bustadboble i Fjell»

FrP-topp Svein Otto Jacobsen – ikkje så veldig populistisk likevel

Betre å vera ein utkant i noko stort, enn ein utkant i noko lite, seier FrP-topp Svein Otto Jacobsen i Sund. Partiet har programfesta kommunesamanslåing med Bergen – som einaste alternativ. Continue reading «FrP-topp Svein Otto Jacobsen – ikkje så veldig populistisk likevel»

Gjestekommentar: Helhetlig tenkning om infrastruktur

Det er vedtatt å legge ny vannledning fra Spildepollen til Goltakrysset på Glesnes for å knytte området til vannverket i Kørelen. Samtidig er det satt i gang arbeid med å regulere strekningen for å kunne bygge gang og sykkelsti. Continue reading «Gjestekommentar: Helhetlig tenkning om infrastruktur»

Fleire nyetableringar – færre konkursar

Fjellsokningane toler litt motvind, og har fått opp tempoet når det gjeld nyetableringar. På Askøy og i Øygarden kan det derimot verka som om framtidstrua tok lang sommarferie, viser Tunnelsyn sin gjennomgang av kunngjeringane i Brønnøysundregistra.

rigg ved aker stordNår det bles sterkt er det nokon som søkjar naudhavn. Andre byggjer vindmøller. I Fjell, Sund, Øygarden og Askøy har vi tradisjon for å sjå mulighetar andre ikkje oppdagar. Så langt i år har det blitt starta 238 nye verksemder i dei fire kommunane vestom Bergen.

Fjell peikar seg ut
I Fjell er aktivitetsnivået hos gründerane aukande. Av totalt 114 nye verksemder, kom heile 63 til i månadane mai – august.

Motsett veg gjekk aktivitetsnivået i Askøy. Her sank talet på nyetableringar frå 56 i første tertial til 39 i sommarmånadane.

Tilsvarande var utviklinga i Øygarden, med ein halvering i talet på nyregistrerte verksemder frå åtte til fire.

I Sund vert det stifta ni nye føretak i mai – august, mot åtte i perioden januar til april.

Færre konkursar
Utviklinga i offshoresektoren har så langt ikkje fått konsekvensar i form av fleire konkursar. Faktisk er talet på konkursopningar halvert frå 19 i første tertial til 10 i andre tertial i år.

Det høge aktivitetsnivået i Fjell fører også til at kommunen er den som har flest konkursar. Her sank talet på registrerte konkursopningar frå åtte til seks i perioden. I Askøy vart talet redusert frå fem til tre og i Øygarden frå fire til ein.

Sund hadde ingen konkursar i sommarmånadane, ned frå to i første tertial.