Tre verksemder konkurerer om kontrakten på støyreduserande tiltak på nærare 300 bustadar langsmed nye R555. Continue reading «Behov for støytiltak på 300 bustadar»
Tag: Sotrasambandet
Dagens sleivspark: Som normalt
Ferien er over. Det merkast. Continue reading «Dagens sleivspark: Som normalt»
Gjestekommentar: Det ligg pengar i ein stengd Kolltveittunnel
I en lokalavis kan en lese at Kolltveittunnelen ønskes gjenmurt. Om dette er så smart, kan en selvfølgelig spørre seg om? Continue reading «Gjestekommentar: Det ligg pengar i ein stengd Kolltveittunnel»
Omkøyringsløysinga her kan avgjera kven som vinn OPS-kontrakten
Val av omkøyingsløysingar kan verta det punktet som avgjer kven av dei tre tilbydarane som vinn OPS-kontrakten på å byggja nytt Sotrasamband. Continue reading «Omkøyringsløysinga her kan avgjera kven som vinn OPS-kontrakten»
Kinesarane nådde ikkje opp
Tre prekvalifiserte tilbydarar er tilbake i konkurransen om OPS-kontrakten til 17 milliardar kroner. Continue reading «Kinesarane nådde ikkje opp»
Ventar kamp om småkontraktane på Sotrasambandet
Sotrasambandet er i rute, kunne prosjektleiar Arve Tjønn Rinde i Statens vegvesen beroliga det utvida formannskapet. Continue reading «Ventar kamp om småkontraktane på Sotrasambandet»
Ingen diskusjon om flyttinga av asfaltverket
YIT Norge AS får ikkje dispensasjon for ei midlertidig flytting av asfaltverket til Søre Straume.
Continue reading «Ingen diskusjon om flyttinga av asfaltverket»
Gjestekommentar: -Gamle Straumsbrua bør bevarast
Skrekk og gru!!!! Dette er slett ikke bra, men jeg er ikke overrasket. Jeg synes den gamle broen bør bevares som et flott kulturminne. Continue reading «Gjestekommentar: -Gamle Straumsbrua bør bevarast»
Vurderer Gamle Straumsbrua som omkjøring for Sotrasambandet
Ei utbetring av Gamle Straumsbrua bør sjåast i samanhang med behovet for ei omkjøringsveg under anleggsperioden for Sotrasambandet, tenkjer dei i utval for samfunnsutvikling.

Gamle Straumsbrua stod ferdig på 1920-talet. Den smale brua med berre eitt køyrefelt og utan fortau er skuleveg for ungane på Straume til Fjell ungdomsskule og Sotra vidaregåande.
Brua er den einaste av dei 17 kommunale bruene i Øygarden som er i ein slik tilstand at det er kritisk å få gjort noko med henne, ifølgje rådgjevar Terese Borgen.
Mange planar
Utbetra eller riva og byggja ny? Spørsmålet om kva som skal gjerast med brua har lenge skapt hovudbry på rådhuset i Fjell.
Les: Gamle Straumsbru: Utbetra eller stengja?
Framtida for brua bør sjåast i samanhang med tre andre reguleringsplanar i området, vedtok utval for samfunnsutvikling i dag. Reguleringsplanen for trafikksikring av Gamlevegen over Bildøy ender ved utkøyringa på brua på vestsida. I reguleringsplanen for Straume Sjøfront vert det lagt opp til å utvida brua til to køyrefelt, med fortau. I tillegg har utbyggjar og nestleiar Ernst Morten Einarsen i utval for tenester og levekår store planar for eit utbygging av inntil 700 bustadar i Branndalsåsen på vestsida av brua.
Les: Legg opp til konfrontasjon med Statens vegvesen
Omkøyringsveg?
No sist har prosjektorganisasjonen for nytt Sotrasamband i Statens vegvesen fremma forslag om Gamle Straumsbru som omkøyringsveg i anleggsperioden, ifølge Borgen.
Kring 1.500 bilar passerer i dag over Gamle Straumsbru dagleg. Som omkøyringsveg for Sotrasambandet kan den daglege trafikken fort koma til å utgjera 15.000 bilar i døgnet.
Utbetring
Fleirtalet i utval for samfunnsutvikling (H, FrP, SL og KrF) fekk gjennomslag for at den eksisterande brua bør utbetrast til ei bredde på 7,5 meter med to køyrefelt. Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Raudt hadde helst sett at den eksisterande brua vert riven og erstatta med ei ny.
Ei utbetring av dagens bru vert kostnadsrekna til oppunder 12 millionar kroner, eks. mva.
Utan fortau
Brua skal ikkje ha fortau. Gåande og syklande skal i staden henvisast til «Einarsen-brua» frå Straume Sjøfront til Branndalsåsen som ligg inne i regulerinsplanen for det planlagte byggjefeltet på vestsida av Straumsundet.
Utvalet ber om å få ei ny sak før sommaren der ei utbetring av dagens bru vert sett i samanhang med Sotrasambandet og tidlegare vedtekne reguleringsplanar
Gjestekommentar: -Ethvert bompengeprosjekt er en provokasjon
Sotrasambandet kan utsettes inn i evigheten. Continue reading «Gjestekommentar: -Ethvert bompengeprosjekt er en provokasjon»