Vil kutta i skuletilbodet

Få søkjarar gjer at utval for opplæring og helse i Hordaland fylke ønskjer å kutta i tilbodet ved dei vidaregåande skulane på Sotra og Askøy frå hausten av.

Sotra vidaregåande. Arkivbilete.

Totalt 21 klassar ved dei vidaregåande skulane i fylket står på lista over dei tilboda utval for opplæring og helse i Hordaland ønskjer å leggja ned frå komande skuleår, ifølgje ei pressemelding frå Hordaland fylkeskommune:

Rektor Oddvar Skråmestø ved Askøy vidaregåande ønskjer å gjera den ny-rehabiliterte Askøy-skulen til ein teknologiskule. Elektrofaga er eitt av satsingsområda. No sviktar elevane på vg2 data og elektronikk og fylket ser mogelegheit for å kutta.

Les: Satsar på teknologiskule på Askøy

Sotra vgs:
Ved Sotra vgs peikar utvalet på innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og
vg1 design og handtverk som klassar som kan leggjast ned.

 

 

Får 2,5 millionar til gang og sykkelveg

Elevane ved den nye skulen i Spildepollen skal få trygg skuleveg.

Utval for miljø og samferdsle i Hordaland vedtok i dag å løyva 2,5 millionar kroner til gang og sykkelveg med veglys på fv. 202 på strekkja Kausland – Glesnes.

På Askøy er det sett av 641.000 kroner til lys og universelt utforma fotgjengarovergang på fv 216 Kleppevegen og 440.000 til same føremålet på fv. 563 på Florvåg

Det er kamp om dei fylkeskommunale kronene til trafikksikring. Utvalet fordelte 42 millionar kroner til 29 tiltak i 20 kommunar. Til samanlikning hadde 23 kommunar søkt om 113 millionar kroner.