Gjestekommentar: FrP vil ha sambuergaranti i Fjell

Fremskrittspartiet er opptatt av at eldre ektepar eller sambuere ikkje skal måtte skiljast dersom ein havner på sjukehjem.

Av Ingunn Stenehjem, Fjell FrP

Vi meinar det er ein sjølvfølge at ektepar eller sambuere skal få lov til å tilbringe heile livet sammen, også etter at ein av dei får behov for plass på sjukeheim.

I kommunestyret 22. februar, fremmer Fremskrittspartiet forslag om å innføra sambuargaranti i Fjell kommune. Denne garantien innebærer at dersom ein av ektefellene eller sambuerne får vedtak om langtidsplass på sjukeheimen, skal også den andre ektefellen eller sambueren få bu på sjukeheimen.

Forslaget leggjer også opp til at rådmannen innarbeider ektepar- eller sambuerrom i planlegginga av nye sjukeheimar/ rehabiliteringer av sjukeheimar.

Å få bu sammen med den man er glad i, er viktig for både livsgleda og tryggheten til den enkelte. Det er ein trygghet dei eldre i Fjell kommune fortjener.