Trur landstraum vert lovpålagt – håvar inn Enova-støtte

Coast Center Base AS på Ågotnes og eigarselskapet NorSea Group AS tek for seg av Enova-midlane til innføring av landstraum i norske hamnar. For 85 millionar kroner reknar dei med å kunna bidra til å redusera utsleppa av CO2 med over 45.000 tonn årleg. Continue reading «Trur landstraum vert lovpålagt – håvar inn Enova-støtte»

Planlegg gigantisk havnesamarbeid

I kampen for å snu dei etablerte godsstraumane frå land til sjø, går Coast Center Base på Ågotnes saman med erkerivalen Risavika Havn i Stavanger om å etablera eit felles havneterminalselskap for heile Sørvestlandet. Continue reading «Planlegg gigantisk havnesamarbeid»

Klar til å avlasta Bergen havn

CCB AS og administrerande direktør Kurt Rune Andreassen står klar til å avlasta Bergen havn så snart dei formelle politiske vedtaka er gjort. Continue reading «Klar til å avlasta Bergen havn»

CCB styrkar satsinga på subsea

CCB AS og Nor Sea Group AS kjøper 68 prosent av rådgjevingsverksemda Logiteam AS. Oppkjøpet vert gjort for å styrka servicetenestene til subseamarknaden.

Satsinga skjer i samarbeid med dei andre forsyningsbasane knytt til CCB og Nor Sea Group, mellom anna Vestbase i Florø, Vestbase i Kristiansund, Helgelandsbase i Sandnessjøen og Polarbase i Hammerfest, ifølgje ei pressemelding utsend i dag.

Knutepunkt for Statoil
Ågotnes er i omstilling, og vil i framtida vera knutepunkt for Statoil sine subseaaktivitetar i Nordsjøen. Oppkjøpet skjer som eit tiltak for å styrka satsinga på denne marknaden.

Subsea-bransjen opplever for tida eit knallhardt kostnadspress, og treng nye og kostnadseffektive løysingar for vedlikehald av undervassutstyr. Logiteam kompletterer oss på fleire område. Ved å samarbeida kan vi levera subsea vedlikehaldstenester i stor skala langs heile kysten for å betena kundane våre på norsk sokkel, seier administrerande direktør Kurt Rune Andreassen i CCB AS i ein kommentar til samarbeidet.

Vedlikehaldsekspert
Logiteam AS har ekspertise og årelang erfaring med styring og gjennomføring av vedlikehald på subseasystem, samt ekspertise på logistikk. Selskapet hadde i fjor ein omsetnad på vel 30 millionar kroner, og eit resultat før skatt på knappe 900.000.

Sjef for skiftande tider

Der andre leiarar planlegg for jamn vekst, må adm. direktør Kurt Rune Andreassen ved Coast Center Base AS (CCB) leva med at omsetningskurven oppfører seg som ein berg-og-dal-bane. Dei skiftande tidene får ikkje øydeleggja nattesøvnen. Sjølv om ordreboka er tom, investerer han i år for å styrka konkurranseevna i riggmarknaden. Les meir