Vurderer betalingsautomat ved Storavatnet

Utplassering av betalingsautomat kan verta fylkeskommunen sitt svar til Jon Inge Matre og andre sporadiske reisande som ønskjer å nytta den halvtomme innfartsparkeringa ved Storavatnet terminal. Continue reading «Vurderer betalingsautomat ved Storavatnet»

Halvtom innfartsparkering – avslører interessekonflikt i fylkeskommunen

Innfartsparkeringa ved Storavatnet terminal står halvtom etter at Hordaland fylkeskommune innførte krav om parkeringsoblat. Syklisten Jon Inge Matre (H) meinar han veit forklaringa. Continue reading «Halvtom innfartsparkering – avslører interessekonflikt i fylkeskommunen»

Gjestekommentar: – Femdobla bompengar er feil tiltak mot dårleg byluft

Brith Ediassen (V) er spent på om lønsnivået innan helse og omsorg i ein nye kommune vil bidra til å styrkja rekrutteringsgrunnlaget.
Bergen burde ha teke kontakt med omeignkommunane for å koma fram til felles løysingar for korleis luftkvaliteten i Bergen kan betrast, meinar Brith Ediassen i Fjell Venstre.

Brith Ediassen (V) er ei av dei som reagerer på Statens vegvesen sine planar om å femdobla satsane i Bomringen på dagar med dårleg luftkvalitet i Bergen. I formannskapet i Fjell sist veke stemte ho mot høyringsforslaget.

Dette burde vi ha snakka om, skriv Ediassen i denne Gjestekommentaren på Tunnelsyn.

Kvifor inviterer ikkje Bergen omeignkommunane med på drøfting i ei slik sak? Saman kunne vi gjerne ha funne gode løysingar.

Vi kunne til dømes ha blitt samde om eit godt kollektivtilbod som vil kunna ha effekt på lang sikt, ikkje berre nokre få dagar i året.

Sjølvsagt måtte vi også drøfta alternative løysingar for innfartsparkering.

Prioriterer kollektiv og båt på topp

Betre tilbod om kollektivtransport, over heile øya, er det samferdsletiltaket Askøypolitikarane har høgast på ønskjelista. Fleire båtar og utvida båtrute står på andreplass framfor oppstarten av arbeidet mot Regional Transportplan for Hordaland. Continue reading «Prioriterer kollektiv og båt på topp»