Får 2,5 millionar til gang og sykkelveg

Elevane ved den nye skulen i Spildepollen skal få trygg skuleveg.

Utval for miljø og samferdsle i Hordaland vedtok i dag å løyva 2,5 millionar kroner til gang og sykkelveg med veglys på fv. 202 på strekkja Kausland – Glesnes.

På Askøy er det sett av 641.000 kroner til lys og universelt utforma fotgjengarovergang på fv 216 Kleppevegen og 440.000 til same føremålet på fv. 563 på Florvåg

Det er kamp om dei fylkeskommunale kronene til trafikksikring. Utvalet fordelte 42 millionar kroner til 29 tiltak i 20 kommunar. Til samanlikning hadde 23 kommunar søkt om 113 millionar kroner.

Sotrasambandet: Foreslår kutt i tryggleik, beredskap og miljø

02_RV555_Bildøyna
Slik tenkjer Statens vegvesen at det framtidige vegsystemet over Bildøy vil verta sjåande ut.

Gang- og sykkelbru over Straumsundet, klargjering for tovegs trafikk i ein køyrebane og fylling i staden for bru over Arefjordpollen. Dette er tiltak som trygt kan kuttast for å få ned kostnaden med det nye Sotrasambandet, ifølgje formannskapet i Fjell. Continue reading «Sotrasambandet: Foreslår kutt i tryggleik, beredskap og miljø»