Foreslår tak på VA-gebyret

Gjennomfører Askøy den vedtekne VA-planen, vil Asketappane måtta betala inntil 30.000 kroner i årleg avgift på vatn og avløp – tre gonar så mykje som i dag. No føreslår rådmann Eystein Venneslan i staden å utarbeida ein ny og mindre ambisiøs VA-plan. Continue reading «Foreslår tak på VA-gebyret»

Hemmeleg snøggbåtmøte

Snøggbåt-suksessen Kleppestø – Strandkaien i Bergen skal vidareutviklast. Statens vegvesen er invitert til å delta i dei innleiande samtalane – politikarane i Askøy må derimot venta på rådmann Eystein Venneslan sin konklusjon. Continue reading «Hemmeleg snøggbåtmøte»

Venneslan sladda Askøylista sitt krav om lovlegheitskontroll

Rådmann Eystein Venneslan i Askøy får kritikk av fylkesmannen for å ha lukka dørene då formannskapet behandla Mjølkevikvarden si framtid. I saksframstellinga testar Venneslan grensene for kva informasjon som skal vera unnateke frå offentlegheit. Continue reading «Venneslan sladda Askøylista sitt krav om lovlegheitskontroll»

Prioriterer kollektiv og båt på topp

Betre tilbod om kollektivtransport, over heile øya, er det samferdsletiltaket Askøypolitikarane har høgast på ønskjelista. Fleire båtar og utvida båtrute står på andreplass framfor oppstarten av arbeidet mot Regional Transportplan for Hordaland. Continue reading «Prioriterer kollektiv og båt på topp»

Vil la økonomien styra utviklinga i Kleppestø

Rådmann Eystein Venneslan forslår å la omsynet til investeringsbudsjettet styra planlegginga av Kleppestø sentrum. – Rådmannen bør vera forsiktig med å blanda rollene som samfunnsutviklar og eigedomsutviklar, innvender varaordførar Bård Espelid (Askøylista). Continue reading «Vil la økonomien styra utviklinga i Kleppestø»