Gjestekommentar: Underfinansiert demokrati

Det går ikkje an å redusera skattane når me samstundes skal finansiera fleire og fleire fellesutgifter. Skatteevnen til dei høgast løna burde vore auka i takt med evnen dei har til å forlanga for årsverket sitt. Staten må i sterkare grad avgrensa føresetnadane som er skapt for å samla mykje pengar på få hender. Elles får me det slik at rike private kan tilsetja sine eigne i offentlege stillingar fordi det offentlege ikkje har råd. Continue reading «Gjestekommentar: Underfinansiert demokrati»

«Askøy-byen» – ein snublestein for lokaldemokratiet

Aldri tidlegare i Grunnlova si 200 årige historie har Kari og Ola Nordmann stått betre rusta til å leva opp til forventningane om at dei skal medverka aktivt i vårt demokratiske samfunn. Kvardagen som møter innbyggjarar som ønskjer å delta i plan og utviklingsprosessar har likevel aldri vore fjernare frå Eidsvoll-fedrane sitt ideal. Continue reading ««Askøy-byen» – ein snublestein for lokaldemokratiet»

Anonyme kommentarar

Tunnelsyn er meint å vera eit diskusjonsforum. Ope for alle og med rom for kryssande meiningar.

Ein føresetnad for publisering av innkomne kommentarar er at innsendaren står fram med namn. Slik vil lesarane vera i stand til å vurdera dei framlagte synspunkta i lys av innsendaren sine eventuelle eigeninteresser. Continue reading «Anonyme kommentarar»

Gårsdagens løysing frå ferdige politikarar

Då det nye kommunestyret i Fjell hausten 2007 omsider klarte å verta samde om kven som skulle sitja i posisjon, vart koalisjonsarkitektane Lars O. Lie (61), Georg Indrevik (69) og Inge Ree (71) intervjua i Vest-Nytt. Lokalavisa gjorde eit poeng av alderen til dei tre. Fordelen med ein såpass oppiåra leiartroika vart framheva: Av di pensjonen forlengst var sikra og dei slapp tenkja på attval, kunne dei sørgja for å driva gjennom upopulære forslag som det elles ikkje ville ha vore demokratisk fleirtal for.

Det vi hittil har sett av politisk handtering av nytt Sotrasamband gjev meining til intervjuet. Intervjuet var slett ikkje meint som spøk. Her ser vi eit skrekkeksempel på tre gamle menn som i fullt alvor ønskjer å påtvinga komande generasjonar gårsdagens løysing. Dette vert dei gamle menns bru.

Ei ny bru i høgspent-traseen løyser ingen problem. Køane vert flytta innover mot sentrum.  Sambandet vert like sårbart for uver og trafikkale hendingar som dagens bru. Bergen sentrum vil framleis måtta slita med miljøkonsekvensane av å måtta svelga unna all gjennomgangstrafikk.

Eg har ingen fordommar mot eldre. Tvert om har eg gjennom heile oppveksten hatt stor glede av å lytta til visdomen deira. Vanlegvis er dei både kloke og interessante å diskutera med. Når dei i sjeldne tilfeller misbrukar posisjonen sin, er tida likevel inne til å seia stopp. Om vi ser vekk frå det reine maktperspektivet, er det ingen grunn til å gå for den løysinga som tre gamle menn ser ut til å ha klart å tvinga gjennom politisk fleirtal for i augeblikket. Tvang er ikkje eit verkemiddel som kan løysa trafikkale problem.

Ville politikarar som var opptekne av gjenval ha tort å tvinga gjennom denne løysinga? Nei. Desse politikarane veit at dei er ferdige.