CCB-sjefen: -Store skilnadar i utrekninga av eigedomsskatten

Fordi kommunane praktiserer regelverket ulikt, betalar Coast Center Base AS tre gongar så mykje i eigedomsskatt i Alstadhaug som i Fjell. Rammevilkåra må verta like over heile landet, oppfordrar administrerande direktør Kurt Rune Andreassen. Continue reading «CCB-sjefen: -Store skilnadar i utrekninga av eigedomsskatten»

CCB-sjefen om den lange nedoverbakken

– Det er først i år vi får full effekt av nedturen i offshorenæringa, hevdar administrerande direktør Kurt Rune Andreassen ved CCB AS. No førebur han seg på ein ny runde med oppseiingar. Continue reading «CCB-sjefen om den lange nedoverbakken»

Planlegg gigantisk havnesamarbeid

I kampen for å snu dei etablerte godsstraumane frå land til sjø, går Coast Center Base på Ågotnes saman med erkerivalen Risavika Havn i Stavanger om å etablera eit felles havneterminalselskap for heile Sørvestlandet. Continue reading «Planlegg gigantisk havnesamarbeid»

Ser ei framtid i risikobasert vedlikehald

Situasjonen på olje- og gassmarknaden oppfordrar til nytenking, også når det gjeld vedlikehald av subsea-utstyr. Dagleg leiar Nils Fredrik Fjærvik i CCB Subsea AS ser ei framtid i risikobasert vedlikehald. Continue reading «Ser ei framtid i risikobasert vedlikehald»

Klar til å avlasta Bergen havn

CCB AS og administrerande direktør Kurt Rune Andreassen står klar til å avlasta Bergen havn så snart dei formelle politiske vedtaka er gjort. Continue reading «Klar til å avlasta Bergen havn»

CCB styrkar satsinga på subsea

CCB AS og Nor Sea Group AS kjøper 68 prosent av rådgjevingsverksemda Logiteam AS. Oppkjøpet vert gjort for å styrka servicetenestene til subseamarknaden.

Satsinga skjer i samarbeid med dei andre forsyningsbasane knytt til CCB og Nor Sea Group, mellom anna Vestbase i Florø, Vestbase i Kristiansund, Helgelandsbase i Sandnessjøen og Polarbase i Hammerfest, ifølgje ei pressemelding utsend i dag.

Knutepunkt for Statoil
Ågotnes er i omstilling, og vil i framtida vera knutepunkt for Statoil sine subseaaktivitetar i Nordsjøen. Oppkjøpet skjer som eit tiltak for å styrka satsinga på denne marknaden.

Subsea-bransjen opplever for tida eit knallhardt kostnadspress, og treng nye og kostnadseffektive løysingar for vedlikehald av undervassutstyr. Logiteam kompletterer oss på fleire område. Ved å samarbeida kan vi levera subsea vedlikehaldstenester i stor skala langs heile kysten for å betena kundane våre på norsk sokkel, seier administrerande direktør Kurt Rune Andreassen i CCB AS i ein kommentar til samarbeidet.

Vedlikehaldsekspert
Logiteam AS har ekspertise og årelang erfaring med styring og gjennomføring av vedlikehald på subseasystem, samt ekspertise på logistikk. Selskapet hadde i fjor ein omsetnad på vel 30 millionar kroner, og eit resultat før skatt på knappe 900.000.