Vurderer Gamle Straumsbrua som omkjøring for Sotrasambandet

Ei utbetring av Gamle Straumsbrua bør sjåast i samanhang med behovet for ei omkjøringsveg under anleggsperioden for Sotrasambandet, tenkjer dei i utval for samfunnsutvikling.

Denne brua frå 1920-talet ser prosjektleiinga for Sotrasambandet for seg kan verta omkøyring for kanhende så mykje som 15.000 bilar i døgnet på Sotrasambandet under anleggsperioden. 

Gamle Straumsbrua stod ferdig på 1920-talet. Den smale brua med berre eitt køyrefelt og utan fortau er skuleveg for ungane på Straume til Fjell ungdomsskule og Sotra vidaregåande.

Brua er den einaste av dei 17 kommunale bruene i Øygarden som er i ein slik tilstand at det er kritisk å få gjort noko med henne, ifølgje rådgjevar Terese Borgen.

Mange planar
Utbetra eller riva og byggja ny? Spørsmålet om kva som skal gjerast med brua har lenge skapt hovudbry på rådhuset i Fjell. 

Les: Gamle Straumsbru: Utbetra eller stengja?

Framtida for brua bør sjåast i samanhang med tre andre reguleringsplanar i området, vedtok utval for samfunnsutvikling i dag. Reguleringsplanen for trafikksikring av Gamlevegen over Bildøy ender ved utkøyringa på brua på vestsida. I reguleringsplanen for Straume Sjøfront vert det lagt opp til å utvida brua til to køyrefelt, med fortau. I tillegg har utbyggjar og nestleiar Ernst Morten Einarsen i utval for tenester og levekår store planar for eit utbygging av inntil 700 bustadar i Branndalsåsen på vestsida av brua. 

Les: Legg opp til konfrontasjon med Statens vegvesen

Omkøyringsveg?
No sist har prosjektorganisasjonen for nytt Sotrasamband i Statens vegvesen fremma forslag om Gamle Straumsbru som omkøyringsveg i anleggsperioden, ifølge Borgen.

Kring 1.500 bilar passerer i dag over Gamle Straumsbru dagleg. Som omkøyringsveg for Sotrasambandet kan den daglege trafikken fort koma til å utgjera 15.000 bilar i døgnet.

Utbetring
Fleirtalet i utval for samfunnsutvikling (H, FrP, SL og KrF) fekk gjennomslag for at den eksisterande brua bør utbetrast til ei bredde på 7,5 meter med to køyrefelt. Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Raudt hadde helst sett at den eksisterande brua vert riven og erstatta med ei ny.

Ei utbetring av dagens bru vert kostnadsrekna til oppunder 12 millionar kroner, eks. mva.

Utan fortau
Brua skal ikkje ha fortau. Gåande og syklande skal i staden henvisast til «Einarsen-brua» frå Straume Sjøfront til Branndalsåsen som ligg inne i regulerinsplanen for det planlagte byggjefeltet på vestsida av Straumsundet.

Utvalet ber om å få ei ny sak før sommaren der ei utbetring av dagens bru vert sett i samanhang med Sotrasambandet og tidlegare vedtekne reguleringsplanar 

 

Legg opp til konfrontasjon med Statens vegvesen

Motsegn frå Statens vegvesen bør ikkje hindra Fjell kommune frå å godkjenna framlegget til områderegulering for Branndalsåsen på Bildøy, tilrår rådmann Steinar Nesse i Fjell.
Continue reading «Legg opp til konfrontasjon med Statens vegvesen»

Raseringa av Nordre Bildøy har starta

Dei to høgspentlinjene frå Straume til Bildøy skal leggjast i bakken.
Dei to høgspentlinjene frå Straume til Bildøy skal leggjast i rør i bakken.

Gravemaskinene har innteke den skogkledde åsen mellom R555 og skuleområdet på Nordre Bildøy. Heile åsen skal vekk. Anleggsmaskinene har tilkomst over idrettsbana, og snart byrjar skulane att…
Continue reading «Raseringa av Nordre Bildøy har starta»

Fryktar auka gjennomgangstrafikk gjennom Bildøyvegen

Bildøyvegen og Gamle Straumsbru vert snarveg til Sartor Senter dersom det nye byggjefeltet på Branndalsåsen får tilkomst via Bjørkestølen, fryktar Innbyggjarinitiativet Bevar Straume. Continue reading «Fryktar auka gjennomgangstrafikk gjennom Bildøyvegen»

Vi deltek gjerne i ressursgruppe

Ikkje plass til småbåttrafikken. Plangrensa for Branndalsåsen (gul), med omrisset for reguleringsplanen for Sjøfronten på andre sida.
Ikkje plass til småbåttrafikken. Plangrensa for Branndalsåsen (gul), med omrisset for reguleringsplanen for Sjøfronten på andre sida.

Sartorkongen ser for seg at det kan vera mogeleg å fylla enno meir stein ut i Straumsundet. Brukarane av sundet har sendt felles merknad til oppstartmeldinga, og krev å få delta i ressursgruppa som skal utforma områdereguleringsplanen for vestsida av sundet. Vi vil også ha gjennomført ei konsekvensutgreiing med fokus på verknaden for småbåttrafikken og Straumsundet som friluftsområde i sjø. Continue reading «Vi deltek gjerne i ressursgruppe»