Raseringa av Nordre Bildøy har starta

Dei to høgspentlinjene frå Straume til Bildøy skal leggjast i bakken.
Dei to høgspentlinjene frå Straume til Bildøy skal leggjast i rør i bakken.

Gravemaskinene har innteke den skogkledde åsen mellom R555 og skuleområdet på Nordre Bildøy. Heile åsen skal vekk. Anleggsmaskinene har tilkomst over idrettsbana, og snart byrjar skulane att…
Continue reading «Raseringa av Nordre Bildøy har starta»

Fryktar auka gjennomgangstrafikk gjennom Bildøyvegen

Bildøyvegen og Gamle Straumsbru vert snarveg til Sartor Senter dersom det nye byggjefeltet på Branndalsåsen får tilkomst via Bjørkestølen, fryktar Innbyggjarinitiativet Bevar Straume. Continue reading «Fryktar auka gjennomgangstrafikk gjennom Bildøyvegen»

Altussjefen fekk særbehandling

Altus Eiendom fekk lov til å fylla stein i Straumsundet i heile åtte månadar før kommunestyret i Fjell gav løyve til arbeidet i henhald til Hamne og farvasslova. Løyvet vart gjeve utan at det har vore utført noko fagleg vurdering av korleis fyllinga påverkar tryggleiken for småbåttrafikken. Continue reading «Altussjefen fekk særbehandling»

Varslar krav om oppsetjande verknad

Vi er gjort kjende med at Veidekke har søkt Fjell kommune om byggjeløyve til å fullføra kaifronten til den påklaga fyllinga i Straumsundet. Får Veidekke byggjeløyve, vil det koma eit felles krav frå Brukarane av Straumsundet, Fjell Båtlag og Bildøy Hyttelag om oppsetjande verknad i påvente av endeleg behandling av klagesaka. Continue reading «Varslar krav om oppsetjande verknad»

Vi deltek gjerne i ressursgruppe

Ikkje plass til småbåttrafikken. Plangrensa for Branndalsåsen (gul), med omrisset for reguleringsplanen for Sjøfronten på andre sida.
Ikkje plass til småbåttrafikken. Plangrensa for Branndalsåsen (gul), med omrisset for reguleringsplanen for Sjøfronten på andre sida.

Sartorkongen ser for seg at det kan vera mogeleg å fylla enno meir stein ut i Straumsundet. Brukarane av sundet har sendt felles merknad til oppstartmeldinga, og krev å få delta i ressursgruppa som skal utforma områdereguleringsplanen for vestsida av sundet. Vi vil også ha gjennomført ei konsekvensutgreiing med fokus på verknaden for småbåttrafikken og Straumsundet som friluftsområde i sjø. Continue reading «Vi deltek gjerne i ressursgruppe»

Trafikkvendt vedtak i KPU

Altus Eiendom har fått løyve til å byggja enno ei blokk so og seia ute i Bildøyvegen. Medlemmane i Komite for Plan og utvikling valde å sjå vekk frå argumenta mine om at Bilødyvegen er ein del av planområdet for lokalvegar i tilknyting til nytt Sotrasamband. Continue reading «Trafikkvendt vedtak i KPU»

Verdilaus ROS-analyse

Trass i at Straume Sjøfront skal byggjast på fylling i sjø, er vurdering av ordinære riskofaktorar forbunde med sjø og nærleiken til sjø så og seia fråverande i ROS-analysen som ligg til grunn for kommunestyret si godkjenning av tiltaket. Som grunnlag for å vurdera tryggleiken for sjøfarande i Straumsundet er ROS-analysen verdilaus. Continue reading «Verdilaus ROS-analyse»