Øygarden24

Måsen er Tunnelsyn sitt kjenneteikn. Symbolet på ein fri medikanal som kan tillata seg å sjå hendingane ovanfrå.
Måsen er Øygarden24 sitt kjenneteikn. Symbolet på ein fri mediekanal som kan sjå hendingane ovanfrå.

Øygarden24 er kanal for det uavhengige informasjonstiltaket “Lokalsamfunn i sterk vekst”. Tiltaket har som mål å skapa auka forståing av kompleksiteten i opp- og nedturar og utbyggingspress i offshorebeltet kring Bergen.

Øygarden24 skal vera ei alternativ kjelde til informasjon og nyhende.

Nettavisa held til på Straume og dekkjer primært Øygarden kommune.

Samfunnsutvikling er overordna tema for dei sakene vi publiserer. Politikk og næringsutvikling står sentralt, særleg det som skjer lokalt, men også hendingar på fylkeskommunalt og statleg nivå som påverkar kvardagen for innbyggjarane i kommunane.

Kultur er vårt tredje satsingsområde. Her tenkjer vi særleg på kystkultur i vidaste forstand, men også musikk, utstillingar, litteratur, reiser, hage og vin.

Uttrykket «Sotra-strilen veit ikkje kva han har, før han har mista det», har gjeve inspirasjon til kategorien «Helgeturen». Her vert det oppfordra til å ta på gummistøvlane og gje seg ut i terrenget for å oppdaga den særeigne naturen på øyane vest mot Nordsjøen, før gravemaskinene overtek.

Historien
Nettavisa Øygarden24 er ei vidareføring av “Tunnelsyn.no” og vart opphaveleg oppretta som ein blogg i 2008. Den gongen stod planane for eit nytt Sotrasamband øvst på dagsorden. Etter kvart har det blitt meir aktuelt å sjå på korleis heimbygda mi Straume og lokalsamfunnet her vest for Bergen utviklar seg. Ikkje alle er like glade for alt som skjer. 

Baktanken er sjølvsagt eit lite håp om å vera med å påverka utviklinga, dempa utbyggingspresset og hindra at Straume og Litle Sotra endar opp som eit einaste stort handlesenter, omgjeven av ei rundkøyring. Utgangspunkt for bloggen var artiklar eg har hatt på trykk i lokale media.

Nettavisa vart til i eit forsøk på å utvida breidda i den offentlege debatten.  Øygarden24 si oppgåve er ikkje nødvendigvis å føra ein balansert debatt, men å bidra til å gje ny innsikt og betre balanse i den offentlege debatten.

Kor vidt Øygarden24 skal favna er tema for ein evig diskusjon redaktøren har med seg sjølv. Vert fokuset for snevert, vil vi mista viktige poeng og samanhangar som er sentrale for å få til ei overordna forståing. Favnar vi for vidt, vil poenga drukna i irrelevante detaljar.

Alt pratet om den tilsynelatande uunngåelege «utviklinga» til trass. Mykje av det som skjer i Øygarden, som andre stadar, vert styrt av medvitne aktørar. Ofte har aktørane ei klår eigeninteresse av i kva retning utviklinga skal gå. I tillegg til innsende innlegg, vil eg som redaktør difor nytta alle relevante anledningar til å intervjua og henta inn kommentarar frå A-, B- og C-kjendisar, både i det lokale miljøet og som evnar å sjå utviklinga utanfrå.

Den digitale kanalen er åpen for alle. Lat oss få høyra kva DU meinar om planane for eit nytt S*tra*.

Terskelen for å koma «på lufta» på Øygarden24.no skal vera låg. Tilsende innlegg vert publisert under merkjelappen «Gjestekommentar» og med namnet på avsendar. Meininga som kjem fram i slike innlegg står for innsendaren si rekning og representerer ikkje nødvendigvis nettavisa eller redaktøren si redaksjonelle meining. Ufine innlegg eller skuldingar vert ikkje publisert.

Betre å ha sagt kva du meinar, enn å angra på at du har halde munn!

Sjølv har eg bakgrunn som kommunikasjonsrådgjevar og fagpressejournalist med teknologi og teknologiutvikling som spesialfelt.

Formell utgjevar av Øygarden24 er Straumsundet AS, orgnr. 915 429 068.

Nettavisa Øygarden24 arbeider i samsvar med presseetiske retningsliner og Vær Varsom-plakaten

Redaktør: Liv Strømme