Tre kriser på ein gong råkar næringslivet i Øygarden hardt.
Continue reading «No kjem oppseiingane»
Category: Medieanalyse
Gjestekommentar: Skuffa over strilakarane
At menn saboterer likestilling varslar dårleg for framtida til strilane, skriv Symphorien Pombe. Han er skuffa over den rådande mentaliteten hos fleirtalet av strilakarane.
Continue reading «Gjestekommentar: Skuffa over strilakarane»
Gjestekommentar: Demokrati?
Det er ikke lett for et nyetablert politisk parti å komme inn i varmen. De etablerte har en ganske stor fordel i valgkampen. Vi må visst etablere vårt eget lokale demokrati. Continue reading «Gjestekommentar: Demokrati?»
Kommentar: Kunnskapspreiing, ikkje gapestokk
Nytt år. På tide å oppsummera året som var. Å telja konkursar er ein av fleire oversikter nyhendemedier med respekt for seg sjølv gjerne tek i ferde med i desse dagar. Continue reading «Kommentar: Kunnskapspreiing, ikkje gapestokk»
Journalist varsla tysk overfall på Norge – fekk notis på side 6
Journalistar lever gjerne farleg for å kunna skriva om historiane som endra verda. Når det verkeleg gjeld er det likevel ikkje alle som tek bodskapen på alvor. Continue reading «Journalist varsla tysk overfall på Norge – fekk notis på side 6»
Best breibandsdekning i Øygarden
95 prosent av innbyggjarane i Øygarden er no tilkopla internett i heimen. Continue reading «Best breibandsdekning i Øygarden»
Kommentar: Dette er ei annonse
Eit bilete kan fortelja meir enn tusen ord, er det dei som hevdar. Då vert det viktig å huska at eit bilete også kan lyga. Det er dette Vestnytt gjer når dei no viser bilete frå utmarksområdet til den historiske bygda Straume med overskrifta ”Slik såg Straume ut”.
Historielause Vestnytt hoppar bukk over det faktum at både rådhuset i Fjell og Sartor Storsenter er bygde i det som eingong var utmarka til den historiske garden Straume.
Bygda Straume kan skriva historien sin tilbake til 1500-talet. Busetnaden låg langsmed Straumsundet, frå Gamle Straumsbru og sørover. Fram til utskiftinga i 1906 låg alle bygningane samla i eit klyngetun like oppfor Gamle Straumsbru. Etter utskiftinga vart husa noko meir spreidd, men Straumsundet var framleis livsnerven for fiskarbøndene.
Dei to – tre husa som Vestnytt hevdar var Straume, vart bygde i etterkrigstida, langt unna den historiske busetnaden.
Diverre er det ikkje første gong dei nye herskarane på Straume freistar forfalska historia ved hjelp av akkurat dette biletet.
Det historiske Straume var noko ganske anna enn det vesle utmarksområdet som vert vist på biletet frå 1960-talet. Dagens Straume er noko langt meir enn Sartor Sentrar.
Eigarane av Sartor Storsenter har likevel ei kommersiell interesse av å framstilla det som om senteret er Straume, og berre det. Omtalen viser at Vestnytt har late seg kjøpa av sentereigarane sine annonsekroner.
Når slike foreinklingar får lov å dominera framsida på lokalavisa, vert det freistande å hevda at Vestnytt er annonser.
Er Madonna ei «gammal» kvinne?
60 er det nye 40, vert det hevda. Gjeld påstanden like mykje for Madonna som for Per Sandberg? Continue reading «Er Madonna ei «gammal» kvinne?»
Fellesnemnda gjekk «live»
Fellesnemdna har teke det digitale spranget. Frå i dag av kan innbyggjarane i Fjell, Sund og Øygarden overværa møtene i sanntid på internett. Continue reading «Fellesnemnda gjekk «live»»
Færre les lokalavisene
Strilane nyttar i stadig mindre grad lokale nyhendemedier til å halda seg oppdaterte. Continue reading «Færre les lokalavisene»