Gjestekommentar: Stopp Hordfastkameratane

Onsdag 7. april vart Hordfast-kameratane etablert. Då vedtok fleirtalet i fylkesutvalet (AP, SP, KrF, H og FrP) full støtte til Hordfast (E39 Ådland-Svegatjønn) i høyringsfråsegna frå Vestland fylke til Nasjonal Transportplan (2022-2033).
Av Terje Kollbotn, stortingskandidat Raudt Hordaland

Vedtaket skjedde etter forslag frå Terje Søviknes (FrP).

Som fylkestingspolitikar og stortingskandidat for partiet Raudt beklagar eg sterkt dette vedtaket. Stortinget skal endeleg avgjere saka i midten av juni, etter at Transport- og kommunikasjonskomiteen legg fram si innstilling innan 6. juni.

No gjeld det å mobilisere breidt for å gje Hordfast-kameratane eit politisk nederlag i Stortinget i juni.

Gigantprosjektet Hordfast med bompengefinansiert firefelt motorveg og bru over Bjørnafjorden står nemleg øvst på prioriteringslista til regjeringa, og er kostnadsregna til heile 37,7 milliardar kroner. Statsminister Erna Solberg har tidlegare hevda at det vert ei ulukke for vestlandet om Hordfast ikkje kjem på plass. Raudt meiner, i motsetning til statsministeren, at det blir ei ulukke for både klimaet, naturmangfaldet, kulturminner, kystlandsskapet og andre samferdslebehov her vest om dette prestisjeprosjektet til Høgre blir realisert. Det vil og koste over 700 millionar kroner pr. km. veg!

Raudt vil i staden prioritere på topp trygge vegar, med trafikk- og rassikring av riks- og fylkesvegane som er kraftig forsømt i heile fylket. Dette er i samsvar med vedtaket på LO Vestland sin regionskonferanse i fjor og alle miljøorganisasjonane her vest. På sikt kan nullutstleppsferjer med hyppige avgangar over Bjørnafjorden bli erstatta av ein ferjefri indre E39-trase med forgreining til Hordalandsdiagonalen og E134. Kampen for å få skrinlagt gigantprosjektet Hordfast held fram!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.