Vil ha ny kamp om bompengane

FrP vil i morgon be Regjeringa om å fjerna bompengane på Sotrasambandet, Askøypakken, Bypakke Bergen og eit 60-tals andre bompengeprosjekt.

Det er dei fem stortingsrepresentantane Bård Hoksrud, Tor André Johnsen, Himanshu Gulati, Helge Andre Njåstad og Erlend Wiborg som i Stortinget i morgon vil utfordra Regjeringa til ny kamp om bompengar som finansieringsmåte for noverande og framtidige vegsamband.

Sotrasambandet
Sotrasambandet har ein samla prislapp på 17 milliardar kroner medrekna drift og vedlikehald gjennom den 25-årige OPS-perioden. Regjeringa har påteke seg å finansiera 6,2 milliardar over NTP. Arkivbilete /Statens vegvesen.

FrP-representantane føreslår å fjerna bompengane på samtlege norske bompengeprosjekt innan 2. juli i år.

-Finansiering av utbygging og vedlikehald av vegar skal vera eit offentleg ansvar. Rekninga skal ikkje skyvast vidare til bilistane gjennom bruk av bompengar, hevdar dei.

Norge er heilt i verdstoppen når det gjeld la bilistane finansiera offentleg infrastruktur. Dette trass i at vi er ein av verdas rikaste nasjonar. Dei 62 bompengeprosjekta har ei samla gjeld på 61,2 milliardar kroner.

Bruk av bompengar er lite samfunnsøkonomisk, hevdar dei fem.

I staden ønskjer FrP å finansiera eksisterande og nye vegsamband ved å ta av det etablerte infrastrukturfondet.

Det statleg finansierte Infrastrukturfondet har forlengst passert ein inneståande kapital på 100 milliardar kroner.

-Dette er midlar som alt er avsett til vegføremål og til nytte for bilistane. Infrastrukturfondet gjev i dag ei lågare avkastning til vegføremål enn dei rentene som vert betalt på mange bompengelån, skriv FrP-representantane i forslaget sitt til Regjeringa.

Dei viser vidare til at mange av bomvegane er ferdig bygde. Ei nedbetaling av gjelda vil difor ikkje skapa noko press i den norske økonomien, i ei tid der mange er permitterte og arbeidsledige.

-Bygging av betre infrastruktur er ikkje ei utgift, men ei investering i framtida. Norge er et av verdens rikaste land og det er difor ingen logikk i at staten skyv ansvaret for bygging av nasjonale hovudvegar over på bilistane. Det ansvaret må staten ta sjølv, skriv forslagstillarane..

-Over tid er det særleg i byområda at bompengebelastninga har auka. Eit politisk fleirtall aukar skattlegginga av bilistane for å subsidiera kollektivtrafikken. Når det gjeld bompengebelastninga elles i landet, har Fremskrittspartiet fått gjennomslag for ei kompensasjonsordning som reduserer takstane i bompengeprosjekta, legg dei fem FrP-representantane til.

Dagens bompengesystemet er ei uklok løysing i vårt langstrakte land der transportkostnadane pr. produsert eining er langt høgare enn for konkurrerende bedrifter i andre land. Skattelegging av transport er negativt både for norsk næringsliv og for folk flest. Det bidreg til mindre mobilitet og unødig høge kostnader for norsk næringsliv, og er sterkt konkurransevridande. Det er også prinsipielt feil og urimeleg at dei som køyrer bil må betala for subsidiering av ulønsam kollektivtransport, byutvikling, miljøgater samt bygging og vedlikehald av vegar for dei som syklar.

Forslagstillarane meinar bompengar er ein usosial skatt som rammer hardast dei som har minst. Dette rammer også hardt dei som ikkje har mogelegheit til å bruka andre transportformar.

Infrastrukturfondet vart i si tid oppretta av Regjeringa for å bidra til å finansiera ei fornying av riksvegnettet, Nye Veier AS, fornying, drift og vedlikehald av jernbanenettet og ulike kystformål, mellom anna reduksjon i sektoravgifter for Kystverket.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.