Vi får tilbake 213 millionar skattekroner

Heile 71 prosent av innbyggjarne i Øygarden kan sjå fram til å få pengar tilbake på skatten.

I dag skal alle ha fått skattemeldinga si for 2020. Skatteetaten sende skattemeldinga til lønsmottakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande mellom 16. mars og 7. april.

Øygardsstrilar som har pengar til gode på skatten kan i snitt rekna med å få tilbake 11.656 kroner.

Til saman 31.643 øygardsstrilar betalar skatt for 2020. Av dei er det heile 71 prosent som kan sjå fram til å få pengar tilbake etter årets skatteoppgjer.

Ufattelege 212.994,9 millionar kroner skal fordelast på innbyggjarane i kommunen. I snitt kan kvar og ein av dei forventa å få 11.656 kroner inn på konto ein eller annan gong frå no og innan sommaren er over.

Ikkje alle har like stor grunn til å jubla. Mindre glade er nok dei som får restskatt. Øygarden er ein av dei kommunane i landet der høgast andel av innbyggjarane betalte for lite skatt i fjor, viser oversikten frå Skatteetaten. 29 prosent av oss rekna feil på skattekortet i koronaåret og får restskatt. 150.657,7 millionar står att å krevjast inn. Her er gjennomsnittet noko høgare, heile 20.217 kroner.

Vanlegaste forklaringane til restskatten er lågare lånerente og reisefrådrag i 2020.

Det endelege skatteoppgjeret kjem når Skatteetaten har behandla skattemeldinga di. Dei fleste lønsmottakarar og pensjonistar vil få skatteoppgjeret sitt før sommaren. Innan slutten av oktober skal alle ha fått det endelege skatteoppgjeret.

Lønsmottakarar og pensjonistar har frist til 30. april med å levera skattemeldinga si. Næringsdrivande kan venta til 31. mai.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.