Det kanadiske oljeselskapet Questerre Energy ønskjer å testa Zeg Power sin teknologi for produksjon av blått hydrogen.
Zeg Power AS, som held til i Energiparken på Kollsnes, skal produsera hydrogen frå naturgass, med fangst av CO2 som del av prosessen. Teknologien for produksjon av blått hydrogen er utvikla ved Institutt for Energiteknikk (IFE).
Les: Start-up hentar 130 millionar i depressiv marknad
I ei børsmelding i dag melder det kanadiske oljeselskapet Questerre Energy at dei har inngått ein intensjonsavtale om å testa denne teknologien som ein del av sitt Clean Tech Energy-prosjekt i Quebec i Kanada.
-Vi trur hydrogen vil bli ein hjørnestein i den framveksande sirkulære økonomien, seier Michael Binnion, president og Chief Executive Officer of Questerre i børsmeldinga.
Det er erfaringane frå utviklinga av Zeg Power sitt første hydrogenanlegg i Energiparken på Kollsnes som ligg til grunn for avtalen. Anlegget skal etter planen setjast i produksjon i 2022, ifølge Kathrine K. Ryengen, dagleg leiar i ZEG Power AS.
-Teknologi til å fanga utslepp av klimagassar står sentralt i utviklinga i retning av nullutslepps forbruk. ZEG Power har designa ein eitstegs-prosess som produserer hydrogen og fangar karbondioksid på ein meir effektiv måte. Vi vil undersøka korleis denne kan inkluderast i prosjektet vårt i Quebec, legg Binnion til.
Vert resultatet av testen slik partane håpar, kan neste steg verta å etablera eit joint ventureselskap som kan ta i bruk den norskutvikla teknologien i eit demonstrasjonsanlegg for produksjon av blått hydrogen i tilknyting til Questerre’s Clean Gas-prosjekt.
Avtalen inneber at Questerre Energy påtar seg kostnadane med utviklingsarbeidet i Kanada mot å få førsteretten til bruk av teknologien i heimlandet i ettertid.