Gjestekommentar: Treng vi større press på standsona?

Strandsona i Øygarden er viktig både for lokalsamfunnet og for resten av landet.

Av Marianne Rosenvold, leiar Øygarden SV

I ei tid der mange er bekymra for at naturen vert øydelagd og artsmangfaldet vert redusert, vel regjeringa å lempe på reglane for utbygging i strandsona. Det er ikkje heilt uproblematisk. Når kommunen no vil gjere det enklare å bygge i strandsona, er det nokre viktige spørsmål vi må stille oss. For det første, på kva måte kjem dette folk flest til gode? Kva for fordelar har allmennheita av utbygging i strandsona? For det andre, vil dette føre til at ein tek vare på meir eller mindre uberørt natur? På kva måte vil utbygginga påverke artsmangfaldet og livet i sjøen? Og til slutt, har kommunen tilstrekkeleg kompetanse til å vurdere verdiane for naturmangfald. I følgje plan-og bygningsloven § 1-8, 1.ledd er naturmangfaldet ein av fleire verdiar ein skal ta særleg omsyn til i arbeidet med arealplanlegginga av strandsona.

Strandsona i Øygarden er viktig både for lokalsamfunnet og for resten av landet. Ein kan ikkje stykke opp Noreg og berre drøfte lokale tilhøve. Strandsona er av nasjonal betydning, og det som skjer her har konsekvensar for resten av Noreg. Det gjeld også artsmangfaldet. Dersom ein art får dårlegare forutsetningar for liv her i Øygarden, vil det få konsekvensar for livet i havet for resten av landet.

Alt liv i havet starter i fjøra, og mange biologar er bekymra for artsmangfaldet i sjøen, dersom det vert enklare å byggje i strandsona. Korleis kan utbygging av strandsona vere viktigare enn å ta vare på artsmangfoldet i havet? Det handlar ikkje berre om å ha plass til bygningar i strandsona. Alle inngrep påvirker landskapet og naturen over tid. Det vi gjer no kan få konsekvensar vi ikkje har forutsetningar til å forutsjå. Når biologar åtvarar mot oppmjuking av reglane for å bygge i strandsona, meiner vi at deira fagkunnskap og gode råd er verd å lytte til.

Korleis kan utbygging i strandsona tene folk flest? Det er ganske lite som tyder på at det å bygge ut strandsona vil gje folk flest glede, eller vere nyttig for allmennheita. Ei undersøking gjort av Ipsos på vegner av Norsk Friluftsliv viser at 70% av dei spurte meinte at utbygginga i strandsona anten burde reduserast, eller halde seg på dagens nivå. Når ein les dette får ein ikkje inntrykk av at denne oppmjukinga av regelverket er noko folkekrav.Tilgong til områda i nærleiken av sjø er eit fellesgode som er viktig for mange sin livskvalitet. Vi meiner at nytteverdien og gleda for folk flest må vege tyngre enn nytta og gleda utbygging har for den einskilde tomteeigar. Generelle interesser må kome foran særinteresser. Men det viktigaste er at naturen har ein eigenverdi og ikkje bør byggast ned meir enn det vert gjort i dag. Difor håper vi at politikarane i Øygarden kan sjå at artsmangfaldet og livet i havet er viktigare enn nye hyttefelt, og at dei aller fleste har liten glede av at nokre einskildpersonar eller firma får «carte blanche» til å rasere både økosystem og rekreasjonsområde for menneska som bur her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.