22 lister til Stortingsvalet

Det manglar ikkje på øygardsstrilar på dei 22 listeforslaga til Stortingsvalet, men det skal skje store endringar i veljarmassene skal Ove Trellevik få selskap av fleire øygardsstrilar på Stortinget til hausten.

ove trellevik webHeile 22 politiske parti ønskjer å kjempa om dei 15 mandata for Hordaland ved Stortingsvalet til hausten, melder Vestland fylkeskommune.

Det manglar ikkje på namn på øygardsstrilar på listeframlegga. Av partia er det likevel berre Høgre, med Ove Trellevik på andreplass, som har nominert ein øygardsstril på sikker plass. 

Nærast ein plass på Hordalandsbenken er truleg Symphorien Pombe som står på ein fjerdeplass på SV-lista og Einar Hadler-Jacobsen som har ein tilsvarande plass på FNB-lista.

Jan Vindenes toppar lista for Liberalistane. «Kjetting-Jan», har sagt frå seg ansvaret som dagleg leiar for Sotra Anchor & Chain for å via seg til politikken, men klarar han samla nok røyster til å koma inn på Stortinget? Han vert i så fall Liberalistane sin første representant i nasjonalforsamlinga, nokon gong.

Kvinnene flyttar – vekk frå mannsbastionen. Lettare å nå fram i fylket enn i fyrtårnet i vest, verkar det som. Verken Lubna Jaffery eller Beate Husa kan lenger kalla seg sotra-strilar. Med ein femteplass på Arbeiderpartiet si liste bør Jaffery vera sikra plass på tinget. Om helsebyråd Beate Husa, med ein tilsvarande plassering på KrF sin liste, klarar å nå fram, er meir tvilsamt.

Politikarane er på vandring. Listeframlegga avslører at Pensjonistpartiet har sikra seg ei rekkje utbrytarar frå Øygarden FrP, og at både Sentrum og Partiet de Kristne har «stole» nøkkelpersonar frå KrF.

Seks av partia er nye; Industri- og Næringspartiet (INP), Partiet Sentrum, Pensjonistpartiet (PP), Folkeaksjonen Nei til mer bompenger (FNB), Norges Kommunistiske Parti (NKP) og Generasjonspartiet.

Feministisk Initiativ stiller ikkje liste denne gongen.

Du kan lesa alle listeforslaga på fylkeskommunen si heimeside.

Næringslivsleiaren Jan Vindenes, «Kjetting-Jan» satsar tungt på politikken og toppar lista for Liberalistane. Kan han sikra partiet Stortingsplass for Hordaland?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.