Sjøbussen får pengar til drift og vedlikehald

Den pensjonerte sjøbussen «MS Vestgar» får pengar frå fylkeskommunen til drift og vedlikehald.

MS Vestgar vart bygd i 1957 og gjekk i rute til den gongen veglause Øygarden. Båten er freda av Riksantikvaren.

Sjøbussen «MS Vestagar» frakta Øygardsstrilane til Bergen frå 1957 fram til han fekk avløysing av vegutbygginga i 1979. I 2014 vart han freda av Riksantikvaren.

I dag er det Øygardsbåtane AS som sørgjer for istandsetjing, drift og vedlikehald av båten. Veteranbåtentusiastane med Solsvik som heimehavn får no til saman 345.000 kroner frå Vestland fylkeskommune til drift og vedlikehald av båten dette året.

145.000 kroner vert gjeve som tilskot til forvaltning og drift av verna fartøy. 200.000 kroner er løyvd som tilskot til sikring og istandsetjing.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.