Gravlegg gamle synder

Diskusjonen om mynde og mandat til Kontrollutvalet viste seg å vera eit heitt tema for politikarane i kommunestyret sist veke.

Innkjøpsrutinane i gamle Øygarden og tomtefesteavgiftene i Klokkarvik. Kontrollutvalet i nye Øygarden (KU) har arva fleire krevjande saker frå dei gamle kommunane. Kor mykje ressursar skal KU nytta på å finna ut kva som eigentleg har skjedd og retta opp i gamle synder, har leiar for det uavhengige kontrollorganet, Mons Tore Nakken (A), i KU bedt politikarane i kommunestyret om å avgjera. 

Kommunestyret behandla saka sist torsdag.

Oppheta diskusjon
Etter nærare 50 minutters oppheta diskusjon stemte fleirtalet for eit forslag frå Marianne Sandahl Bjorøy, trass i at fleire av dei folkevalde gav uttrykk for at dei var usikre på kva som ligg i vedtaket, eller at dei var usamde i ordlyden.

Kontrollutvalet skal berre konsentrera seg om prinsippielle saker som omfattar kontroll og tilsyn med drifta av kommunen, vedtok kommunestyret.

Berre saker relatert til nye Øygarden kommune skal omfattast av KU si verksemd, kjem det fram av teksten fleirtalet i kommunestyret slutta seg til. (Høgre, Arbeiderpartiet, SotraLista, Venstre, FNB, KrF, FrP, Senterpartiet)

Kontrollutvalet skal ikkje behandla einkeltsaker.

Vedtaket inneber at nye Øygarden i prinsippet gravlegg gamle synder arva frå tidlegare Fjell, Sund og Øygarden.

-Vengeklipping
-Ei vengeklipping av Kontrollutvalet, kommenterte Lars Vassenden (R). Hans alternative forslag fekk tilslutning frå SV og MDG, til saman fem røyster.

Du kan lytta til diskusjonen i kommunestyret her:

https://nyeoygarden.kommunetv.no/archive/64?caseId=2751

Sjølvstendig
Kontrollutvalet skal utøva kontroll og tilsyn på vegne av kommunestyret, på sjølvstendig grunnlag. Ei oppgåve utvalet gjennomfører hovudsakleg ved å ta initiativ til forvaltningsrevisjonar av offentlege tenesteområde og kontrollar av selskap der kommunen er aksjonær. I teorien skal utvalet ha mandat til å kunna kontrollera alle typar saker som kommunestyret gjer vedtak i.

At Kontrollutvalet ikkje alltid opererer på like fritt og sjølvstendig grunnlag fekk innbyggjarane i Fjell eit døme på i siste valperioden som eigen kommune. Då vedtok kommunestyret at Kontrollutvalet berre skulle ha mandat til å gjennomføra tre av ti føreslegne kontrollar. Dei siste sju forslaga hadde kommunen ikkje økonomi til å gjennomføra, fekk Arbeiderpartiet og Høgre gjennomslag for.

Les: Posisjonen tok kontroll over Kontrollutvalet

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.