Dagsturhytta Larslibua i Foldnesmarka vert den første med universell tilkomst.

Endeleg, no står Larslibua der, klar til å ta mot turfolket, både lokale og tilreisande.
Les: Vil ha dagsturhytte i Foldnesmarka
Tilbodet ser ut til å verta godt motteke. Nyfikne turgåarar stikk nedom for å sjå seg om. Ein stad å gå inn og eta matpakken! Eller berre stå ei stund under tak og prata i regnet.
Tureldorado
Plasseringa ved Larslivatnet vart avgjort mellom anna ut frå nærleiken til det tildels uutforska turterrenget i Foldnesmarka. Eit stort uoppdaga tureldorado midt mellom dei største busetnadane på folkerike Litle Sotra.
Les: Opplev Foldnesmarka

Den første
Ordførar Tom Georg Indrevik stod for den offisielle opninga tidlegare i dag. No lovar han at dagsturhytta ved Larslivatnet skal verta den første av tre i Øygarden. Med tid og økonomi skal det også koma ei i sør (truleg på Veten) og ei i nord.
Lista over dagsturhytter i Vestland fylke byrjar verta lang. Mange av dei ligg ein god tur unna offentleg infrastruktur.
Med tilkomst frå Kyrkjevegen frå Foldnes til Hjelteryggen like bakom vert Larslibua i Foldnesmarka den første av dagsturhyttene i Vestland som kan rosa seg av å vera universelt tilgjengeleg, hevdar Indrevik.
Den universelle tilkomsten inneber at folk med barnevogn, eller rullestol, skal kunna oppsøkja Larslibua.

-Ta eigarskap
Larslibua skal vera open for turgåarane heile døgnet. Turlaget skal ha tilsynet med hytta.
-Hytta er litt for fin, fryktar nokon. Med så lett tilgang vert det freistande å gjera herverk.
-Vi håpar alle vil ta eigarskap til Larslibua og bidra til at ho held seg fin, svarar kulturleiar Christel Møvik-Olsen.
Besøkja alle
Idèen til dagsturhyttene kjem frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Til saman vert det planlagt 58 hytter.
-Ein positiv arv frå gamle Sogn og Fjordane, smiler Indrevik.
Les: Vil ha dagsturhytter i alle kommunar
På sida dagsturhytta.no kan du sjå oversikten over alle hyttene, både dei som alt er bygde og dei som er planlagt. Turglade kan nytta oversikten til å planleggja turar og verta kjent med andre delar av fylket. I løpet av nokre år vil det vera mogeleg å få med seg alle hyttene, seier Indrevik som ser mogelegheiten som ein variant av vårt heimelege Kystpass.
