Kva skjedde med sosialhjelpsmottakarane?

Færre øygardsstrilar tok mot økonomisk sosialhjelp i koronaåret. Utbetalingane sank med 26 prosent.

For å få innvilga økonomisk sosialhjelp må du vera ute av stand til å forsørgja deg sjølv ved arbeid, eigne midlar eller ved andre økonomiske ytingar som du kan ha krav på. Økonomisk sosialhjelp er ei midlertidig inntekt. Målet med stønaden er at mottakaren så raskt som mogeleg skal kunne klare seg sjølv

1.038 øygardsstrilar tok mot økonomisk sosialhjelp i fjor. Det er 147 færre enn i 2019, ifølgje tala NAV Øygarden har rapportert inn til Statsforvaltaren i Vestland.

Reduksjonen i talet på mottakarar med 12 prosent førte til ein reduksjon i utbetalingane på heile 26 prosent. Målt i kroner sank kommunen sine utbetalingar til økonomisk sosialhjelp frå 54,1 millionar kroner til 39,8 millionar kroner. Slik sparte kommunen 14,3 millionar kroner i utbetalingar til dei økonomisk mest vanskelegstilte i koronaåret samanlikna med året før.

Manglar forklaring
Ei tilsvarande utvikling fann stad i mange av kommunane i Vestland. Hos Statsforvaltaren har dei ingen forklaring på utviklinga. 

Kan forklaringa vera at eindel personar som elles ville ha vore avhengig av sosialhjelp i fjor no istaden kom inn under dei nye reglane for permittering? eller andre korona-tiltak? 

Redusert opningstid
Eller er forklaringa så einkel som at dei innskrenka opningstidene hos NAV førte til at nokon av dei mest trengjande ikkje fekk kontakt med sosialkontoret? Koronasituasjonen innebar at NAV på Straume berre hadde ope to timar, to dagar i veka i siste halvår i 2020.

Korleis har denne utviklinga påverka tala for brotsverk? for narkotikamisbruk? og kva seier barnevernet? Dette er eit utvikling Utval for for tenester og levekår bør kikka nærare på.

Ein rapport frå SSB frå 2019, viser at talet på mottakarar av sosialhjelp er synkande, men at dei samla utbetalingane likevel auka. Dei eldste var dei som var lengst avhengig av økonomisk hjelp frå det offentlege.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.