Rekordstor pågang på koronatelefonen

Ingen nye er smitta, likevel er pågangen stor på kommunen sin koronatelefon.

Innføringa av dei siste restriksjonane før helga har tydelegvis fått øygardsstrilane til å kjenne på snufs og nys og såre helsar. Før klokka 13.30 i dag var det registrert heile 562 innringjarar på koronatelefonen.

Den store pågangen alt frå klokka 8.00 i dag moron medførte at det ikkje var mogeleg å svara på alle telefonane, melder kommunen på heimesidene sine. Dei oppfordrar folk til å freista å ringja litt seinare.

Svært mange har teke koronatest den siste tida. Sist veke vart det teke 1 174 testar. Så langt i dag er det teke 165 testar. For å møta den store pågangen, er det planlagt ytterlegare 83 testar i dag. Totalt ser det dermed ut til at ein vil kunna gjennomføra heile 248 testar i dag.

22 personar er for tida i isolasjon på grunn av smitte. Til saman har 388 personar busette i kommunen testa positivt sidan koronautbrotet i mars i fjor.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.