Påskevinen

Susucaru er ikkje ein vin til påskelammet, men førstevalet mitt til å nyta i solveggen, innimellom våren sine brå stemningsskifte.
Augneblinka når sola sine varmande stråler vinn over regn og iskald sludd, for ei ørlita stund.

Frank Cornelissen er ein av vinverda sine levande legender. Frå lava og aske oppetter fjellsida på Etna lagar han eineståande, økologiske vinar.

Les: Vinar du aldri har smakt maken til

Men, kva er no dette, eigentleg? Er Susucaru ein kraftig rosè, eller ein lett raudvin? Cornelissen sjølv likar å halda publikum i villreie; «Ein rosè som også kan verta oppfatta som ein lett raudvin», omtalar han vinen på sine eigne heimesider. Til dels store variasjonar mellom årgangane gjer det ikkje einklare å gje noko klart svar.

2019-årgangen som no er i handelen er lys raud på farge. Duftar av jordbær og rips, med innslag av rabarbra. Smakar av jordbær og rips, og med ein lang, frisk ettersmak.

Vinen er laga på malvasia og moscadella, i kombinasjon med dei lokale druesortane cattaratto og nerello mascalese. I kjellaren vert stilkane fjerna og druene pressa lett, Skinnkontakt i ti dagar under gjæringa på store epoxy-fat avgjer intensiteten på raudfargen.

For lett, meinar kritikarane. Men i vinverda er det ein aukande aksept for at ikkje berre typeriktighet, men også personleg smak skal telja med i kvalitetsvurderinga av ein vin. Susucaru er, etter mi meining, Cornelissen sin mest underkjente vin. Ein vin som heilt har kome i skuggen av toppvinen Magma og meir folkelege Munjebel.

Susucaru har imidlertid funne sitt publikum. Den leikne etiketten sikrar vinen ei topplassering når ungdom utan økonomiske bekymringar skal handla inn til heime-aleine-festen.

Har du sikra deg ei flaske eller to? Installer deg i solveggen straks sola stikk hovudet fram, senk skuldrane og nyt.

Susucaru er utseld frå importøren. I Bergensområdet er han framleis å få fatt i på fleire pol.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.