Svarar ikkje på kor mange som er blitt sjuke

Øygarden kommune skjerpar tiltaka mot covid-19. Svarar ikkje på kor mange som faktisk er blitt sjuke.

Tom Georg Indrevik.
Ordførar Tom Georg Indrevik (H) innfører strenge restriksjonar på bakgrunn av smittetal, opplyser ikkje om kor mange som faktisk vert sjuke. Arkivbilete.

Den kommunale kriseleiinga i Øygarden fekk i dag forsmannskapet si støtte til å innskjerping av tiltaka mot spreiing av koronaviruset. På innandørs arrangement skal det ikkje lenger vera lov å samla meir enn 50 personar. Det er og innskjerpingar i krav om bruk av munnbind på offentleg stad i situasjonar der ein ikkje kan overhalda kravet om minst ein meters avstand. Deltaking på arrangement i andre kommunar vert frårådd, unnateke for gravferder. Reglane skal gjelda inntil 18. april.

Ein prosent er smitta
-Denne varianten av koronaviruset er svært smittsam, og vi ser det som nødvendig å vedta nokre lokale tiltak vi meiner vil bidra til å redusera smittespreiinga, grunngjev ordførar Tom Georg Indrevik (H) dei nye innskjerpingane ovanfor kommunen si heimeside.

Siste to vekene har 23 personar med adresse i Øygarden testa positivt på korona. Sidan starten for eitt år sidan har totalt ein prosent av innbyggjarane i kommunen, 380 personar, fått konstatert at dei er smitta, ifølgje siste oppdateringa frå kkommuneleiinga.

Manglar tal
Statistikk framstår som avgjerande argument for innføring av smitteverntiltak i samband med korona, både lokalt og nasjonalt. Talet på smitta vert publisert dagleg. Det same vert talet på vaksinerte.

Kor mange øygardsstrilar som faktisk har blitt sjuke av korona, verkar det likevel som om ingen har tal på. Om tala finst, vert dei ikkje offentleggjort.

Øygarden24 har prøvd å få svar på kor mange av dei smitta i Øygarden som har hatt behov for kontakt med lækjar, innlegging på sjukehus eller på intensivavdeling. Henvendinga vart sendt 10. mars. Trass purring har vi framleis ikkje fått svar.

Nasjonalt
Spørsmålet vart sendt dagen etter statsminister Erna Solberg si oppsummering i nasjonale media på årsdagen for nedstenginga. Så langt hadde 76.484 innbyggjarar i Norge testa positivt.

Til samanlikning får mellom fem og ti prosent av innbyggjarane i Norge influensa kvart år. Det vil seia at mellom 250.000 og 500.000 personar får influensa årleg. Kring 900 dødsfall årleg kan relaterast til influensa, tilsvarande 0,18 prosent, i følgje FHI.

Mange land er langt verre råka enn Norge. Hos oss råke Covid-19 første året langt færre enn dei som får influensa årleg. Prosentandelen som døyr av eller med viruset er noko høgare.

3,7 prosent av dei smitta av covid-19  i Norge har hatt behov for innlegging på sjukehus. 533 hadde hatt behov for intensivbehandling. Dei 638 som har døydd av eller med covid-19 utgjer 0,8 prosent av dei smitta.

One thought on “Svarar ikkje på kor mange som er blitt sjuke

  1. Flott at det stilles spørsmål! «Næringsprtiet» Høyre er i ferd med å drive lokale bedrifter mot konkurs med uforutsigbare tiltak. Regionen og landet for øvrig (med unntak av det sentrale Østlandet) har vist stabilt lavt smittetrykk over lang tid. Her er antall syke/innlagte.
    Helse Bergen HF + Privat med avtale med Helse Vest i Bergen Vest 4
    Helse Stavanger HF Vest 4
    Sørlandet sykehus HF Sør-Øst 4
    Helse Møre og Romsdal Midt 4
    Sykehuset Telemark HF Sør-Øst 2
    Universitetssykehuset Nord-Norge HF Nord 2
    Helse Førde HF Vest 1
    St. Olavs hospital Midt 1
    Finnmarkssykehuset HF Nord 0
    Helgelandssykehuset HF Nord 0
    Helse Nord-Trøndelag Midt 0

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.