25 år med norsk CO2-fangst

For 25 år sidan var Daniel Victor Sandvik med på å byggja det første norske anlegget for CO2-fangst og lagring.

Sandvik med Sleipnerfeltet i bakgrunnen. Foto av installasjonen teke av Harald Pettersen / Equinor.

Det er mindre nytt knytta til fangst og lagring av CO2 enn det ein ofte kan få inntrykk av. I 1996, 25 år før Langskip vart vedteken av den norske Regjeringa, vart første norske anlegget for fangst og lagring av CO2 sett i drift på Sleipner-feltet like vest for Stavanger.

Ein av dei som var med å bygde pioneranlegget var den no pensjonerte oljearbeidaren Daniel Victor Sandvik frå Bjorøy.

Konfidensialitetsavtalen Sandvik inngjekk med sin tidlegare arbeidsgjevar inneber at han i dag ikkje ønskjer å seia så mykje om prosjektet, utover at ja, han var med på bygginga av det historiske anlegget.

Referanseprosjekt
Sleipner vart framheva som referanseprosjektet framfor noko då oljeindustrien tidleg på 2000-talet byrja diskutera fangst og reinjisering av CO2 til auka olje- og gassutvinning. Tiltaket likevel er framleis einaste i sitt slag offshore, ikkje berre i Norge, men worldwide. 

-Teknologien finst, vart det hevda med autoritet, den gongen. Istaden fekk vi Mongstad.

Høg konsentrasjon
Sleipner er eitt av dei største gassfelta i Nordsjøen, med totale utvinnbare gassressursar tilsvarande vel 220 milliardar Sm3 oljeekvivalentar. Ein uvanleg høg konsentrasjon av metan innebar at gassen måtte reinsast for CO2 for å tilfredstilla krava til hushaldningskundane på kontinentet, seier Sandvik til Øygarden24.

For i det heile å få seld dei enorme gassmengdene måtte Equinor til å byggja eit CCS-anlegg. Kostnaden var ikkje noko tema, den gongen. Prosessanlegget vart plassert på ein eigen plattform, Sleipner T.

Rekord 

Det einaste CCS-anlegget offshore, worldwide. Illustrasjon Equinor.

Fangst- og lagringsanlegget på Sleipner er framleis i drift. Det er det CCS-anlegget (Carbon Capture Storage) i verda som har vore i produksjon lengst, ifølgje operatørselskapet Equinor.

-Feltet har gjeve oss unik innsikt i kva som skjer med CO2 som vert laga under bakken over ein lengre periode, seier CDO Torbjørn F. Folgerø i Equinor til verksemda sine eigne heimesider.

Dela erfaring
– I over 20 år har vi hatt førstehandserfaring med sikker lagring av CO2 i undergrunnen. Vi meinar at denne innsikten kan vera verdfull for bransjen, forskingsmiljø og andre som arbeider med å gjera CO2-lagring til ein sentral del av den pågåande energiovergangen til ei lavkarbonframtid, legg Folgerø til.

Equinor og lisenspartnarane har frigjeve dataene frå prosjektet. Dermed kan mellom anna dei som skal planleggja injeksjonen av CO2 frå Kollsnes dra nytte av erfaringane.

Langskip legg opp til å starta forsiktig, med 400 tonn CO2 frå Norcem Brevik i første omgang. På Sleipner-feltet vert det årleg fanga kring ein million tonn CO2 – tilsvarande to tredelar av fangsten i første fase av Langskip. CO2 som deretter vert injisert under den nærliggjande Utsirahøgda.

Sidan starten og fram til no har prosjektet fanga og reinjisert totalt noko over 16 millionar tonn CO2.

Svært lønsamt
Samla utbyggingskostnad for Sleipner-feltet så langt utgjer kring 25 milliardar kroner – om lag like mykje som totalkostnaden for Langskip vert stipulert til. For å få opp dei siste 11 – 12 milliardane Sm3 og stengja ned feltet, vert det planlagt å investera ytterlegare to milliardar kroner.

Nokon kostnad for sjølve CCS-anlegget på Slepner-feltet er ikkje spesifisert offentleg. Det at investeringa har gjort det mogeleg å selja 200 milliardar Sm3 gass til europeiske kundar gjennom 25 år vitnar om at Equinor og lisenspartnarane må ha funne investeringa svært så lønsam.



Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.