Tilrår utviding av gjenbruksstasjonen i Lonavegen

Gjenbruksstasjonen i Lonavegen bør utvidast i samsvar med reguleringsplanen frå 2015.

At Øyvar sin gjenbruksstasjon i Lonavegen ligg inneklemt mellom bustadar på fleire sider, i eit område med store planar for framtidig bustadbygging, uroar politikarane i Øygarden lite. Anleggsarbeidet føregår i området der den framtidige innkøyringa skal koma.

Øyvar sin gjenbruksstasjon i Lonavegen har for liten mottakskapasitet. Mange dagar står køane heilt opp til Sartor Senter, noko som skapar trafikkfarlege situasjonar.

Dagleg leiar Bjarne Ulvestad i Øyvar gav politikarane i formannskapet heile fire alternativ å velja mellom for korleis innbyggjarane i kommunen skal kunna løysa avfallsproblemet sitt i framtida.

Kostnadane vog tyngst
Omsynet til kostnadane for abonnentane vog tyngst for politikarane. Ein må unngå ei løysing som aukar gebyret så mykje at innbyggjarane heller vel å dumpa bosset sitt i naturen.

Fleirtalet i formannskapet (10 – 1) valde å gå for ei mellombels løysing: Dagens gjenbruksstasjon i Lonavegen bør utvidast i samsvar med reguleringsplanen frå 2015. Eit alternativ som vil gjera det mogeleg å auka mottakskapasiteten vesentleg, samstundes som det opnar for bygging av ei ny innkøyring som kan redusera trafikkproblemet. 

Ei løysing som vert kostnadsrekna til 33 millionar kroner og som vil la seg realisera for ein ekstrakostnad for abonnentane på kring 150 kroner året.

Les: Flytt gjenvinningsstasjonen

Dette var alternativa:

Innovasjon
Det skjer mykje innan sirkulær økonomi om dagen. Å kjøpa ny tomt ein annan stad, byggja ein heilt ny gjenbruksstasjon med tilhøyrande administrasjonsbygg vil opna for innovasjon og vil vera den mest gunstige løysinga på lang sikt, var politikarane samde om.

Alternativet vert vurdert å villa kosta meir enn 100 millionar kroner. Sal av den noverande tomten i Lonavegen vil bidra til finansieringa, Dette alternativet vil likevel påleggja abonnentane ein kostnad som det ikkje er betalingsvilje for, ifølgje brukarundersøkinga.

Midtstegen
Å samla alt i Midtstegen kunne ha vore eit alternativ. Betydeleg uutnytta kapasitet innebar begrensa behov for nye investeringar. Ei løysing som kunne ha blitt verkeleggjort for ein ekstra kostnad på berre 30 kroner året for abonnentane.

Betydeleg lengre reiseveg for fleirtalet av brukarane som er busett på Litle Sotra ville imidlertid ha bidrege til auka trafikkproblem på ein fra før trafikkfarleg veg.

Berre Maria Thomassen (MDG) stemte for dette alternativet.

Å fortsetja med ei delt løysing som i dag ser verken formannskapet eller leiinga i Øyvar som noko alternativ.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.