FrP-veteran melder seg ut i protest mot kjernekraftverk

Forslaget om eit kjernekraftverk i Øygarden basert på thorium møter sterk motstand i FrP lokalt.
(Saka er oppdatert.)

-Sats heller på oppgardering av eksisterande vasskraftverk, seier Daniel Victor Sandvik. Etter meir enn 40 år i FrP har han meldt seg ut som følgje av forslaget om kjernekraftverk i Øygarden.

-Dei veit ikkje kva dei pratar om. Kunngjeringa om at sentrale krefter i FrP ønskjer å byggja atomkraftverk i Øygarden eller i Vestland var dråpen som fekk begeret til å flyta over for FrP-veteranen Daniel Victor Sandvik.

Les: Vil byggja kjernekraftverk i Øygarden

I dag har den tidlegare nestleiaren i Fjell FrP meldt seg ut av partiet i protest. Etter meir enn 40 år som medlem, og fire periodar i kommunestyret i Fjell.

Thorium har lenge stått på FrP sitt program, men at nokon på alvor skulle finna på å føreslå å byggja eit atomkraftverk i Øygarden eller i Vestland er meir enn ingeniørutdanna Sandvik kan fatta:

Realistisk lokalpolitikk
-Øygarden FrP bør konsentrera seg om å driva ein realistisk lokalpolitikk. Ikkje bruka energi på å fremma ein teknologi som kanhende høyrer framtida til, hevdar Sandvik.

-Det finst tusenvis av saker partiet faktisk kan gjera noko med, som vegar. FrP bør heller nytta kreftene på å få til gode løysingar på dagens problemstillingar, gjentek partiveteranen.

-Det må koma ei folkeavstemming, dersom det skal verta aktuelt med eit kjernekraftverk her, krev Sandvik.

At forslaget om eit kjernekraftverk vil vera ein effektiv måte å jaga veljarane vekk frå FrP framfor Stortingsvalet, er han ikkje i tvil om.

50 – 100 år
Dette er ikkje første gongen kjernekraftverk drivne med thorium står på dagsorden i FrP. Så seint som i 2007 – 2008 freista partiet løfta temaet opp på den nasjonale dagsorden.

Sandvik ønskjer ikkje å avskriva kjernekraft heilt. thorium kan ha framtida for seg, men vil i så fall først vera aktuelt om 50 – 100 år. Førebels veit vi altfor lite om denne energikjelda og kva som må til for å sikra ei effektiv, kommersiell drift på ein sikker måte.

Tommelen ned
Skepsisen byggjer Sandvik på den begrensa fagekspertisen på kjernekraft som faktisk finst i Norge.

Det nasjonalt nedsette Thoriumutvalet vender tommelen ned for ei slik satsing i rapporten «Thorium som energikilde. Muligheter for Norge» som kom ut i 2008, seier Sandvik.

Sjølv om klimaproblemet tilseier at alle karbondioksidfrie (CO2-frie) teknologiar for energiproduksjon bør vurderast, også kjernekraft, er det ikkje sikkert at thorium eller kjernekraft er løysinga, åtvarar ekspertane.

Omfattande forskingsbehov
-Norge manglar fagfolk på området. Det tek 10 – 12 år å utdanna forskarar med slik kompetanse, legg han til.

Det trengst omfattande forsking på heile ni ulike område før det vil vera råd å trekkja nokon endeleg konklusjon om potensialet for ei norsk satsing, ifølgje rapporten.

Omfanget av førekomsten av thorium i Norge, og om den kan utvinnast på ein kommersielt lønsam måte, vil vera eit av dei avgjerande spørsmåla. 

Det vil og vera behov for omfattande forsking for å vidareutvikla reaktorteknologien, ifølgje rapporten.

Radioaktivt avfall
Heller ikkje i Bellona synes dei at kjernekraft basert på thorium høyres særleg forlokkande ut. Dagleg leiar av miljøprganisasjonen, Nils Bøhmer, er ein av dei få kjernefysikarane i Norge, og har engasjert seg sterkt mot bygginga av ein atomreaktor, legg Sandvik til.

Bøhmer tilbakeviser mellom anna påstanden frå Svein Otto Jacobsen om at ein Thorium-reaktor vil bidra til å redusera mengda av langliva radioaktivt avfall. 

Skal ein kunna driva ein thoriumreaktor energieffektivt, vil den produsera omlag like store mengder med langliva radioaktivt avfall som tradisjonelle urankraftverk. Det vil seia radioaktivt avfall med ei levetid på fleire hundre tusen år.

-Gammalt nytt
-Utmeldinga er Sandvik sitt val, seier Svein Otto Jacobsen I Øygarden FrP og legg til: 

-Dette er gammalt nytt. Rapporten er frå 2008. Det har skjedd mykje internasjonalt i desse åra. Her må vi skillja mellom kjernekraft og kjernekraft, innvender Jacobsen.  

Jacobsen og FrP byggjer sin argumentasjon utelukkande på ein reaktor med saltsmelteteknologi (MSR) der ein etterkvart fasar inn thorium som brensel. Jacobsen oppfattar Sandvik slik at han snakkar om konvensjonell teknologi (PWR). 

-Eg og er mot bruk av konvensjonell kjernekraft, seier Jacobsen.

Sats på vasskraft
For Sandvik finst det berre ei aktuell løysing på dagens trugande energikrise: Oppgrader eksisterande vasskraftanlegg. Då slepp vi øydeleggja naturen med stygge vindkraftparkar. Det vil dessutan kosta svært lite, samanlikna med kva det vil kosta å løysa problematikken i tilknyting til ein thorium-reaktor, seier den frå i dag partilause ex-FrP-aren.

4 thoughts on “FrP-veteran melder seg ut i protest mot kjernekraftverk

  1. Når en kommer så langt så må det bli opp til ekspertene på området å avgjøre om hvor og om det vil egne seg med en Molten Salt Reactor (MSR) reaktor her i Øygarden. En Pressurized Water Reactor (PWR) reaktor er ikke aktuell på noen måte.

    Mitt poeng er at en må våge å løfte opp og fram ny teknologi da det skjer og har skjedd mye på dette området de siste årene.
    Så for de som er åpen for nye løsninger kan se denne videoen.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.