Vil byggja kjernekraftverk i Øygarden

-Eit kjernekraftverk basert på Thorium vil kunna førebyggja den varsla kraftkrisa i Bergens-området, hevdar Svein Otto Jacobsen og stortingsrepresentant Silje Hjemdal.

FrP Vestland, her representert ved Svein Otto Jacobsen og Silje Hjemdal, ser gjerne at det vert bygd eit kjernekraftverk med Thorium som brensel i Øygarden.


Sist helg vedtok eit samrøystes fylkesårsmøte i Vestland FrP at det bør byggjast eit fullskala prototyp av ein saltsmeltereaktor med Thorium som brensel i fylket. Svein Otto Jacobsen frå Øygarden var ein av initiativtakarane til forslaget.

Kommersiell utnytting av Thorium i energiproduksjon har lenge vore ein «snakkis» i delar av det norske forskingsmiljøet. I opinionen derimot, har skepsisen mot kjernekraft vore stor. FrP er så langt einaste politiske partiet som har teke initiativ til å fremma denne energikjelda.

Løysa kraftkrisa
Stortingsrepresentant Silje Hjemdal deler Jacobsen sin entusiasme. Dei to ser berre fordelar med at Vestland aukar tilgangen på energi gjennom lokal produksjon av kjernekraft.

-Eit saltkraftverk er det beste løysinga på den varsla kraftkrisa i Bergensområdet, hevdar Jacobsen og Hjemdal ovanfor Øygarden24.no.

-Det hastar med å gjera noko med tilgangen på kraft i Bergensområdet, skal alle dei ambisiøse politiske visjonane for elektrifisering kunna verkeleggjerast, seier Hjemdal som har fått ansvaret for å løfta saka inn nasjonalt.

I Øygarden
Helst ser Jacobsen at eit slikt anlegg bør koma i heimkommunen Øygarden. Øygarden er eit av dei områda i Bergensområdet med flest ekspansive og kraftkrevjande planar og med størst behov for nye kraftlinjer.

Jacobsen har alt vore i kontakt med fleire potensielle næringsutbyggjarar om saka.

-Innan 2030 bør det vera mogeleg å ha eit slikt anlegg ståande klart her, hevdar Jacobsen ovanfor Øygarden24.

Verna naturen
Ein av fordelane med saltsmeltereaktorar er at dei vil auka tilgangen på energi, utan at vi treng byggja ned store urørte naturområde med vindmøller eller vasskraftverk.

Ein liten, kompakt saltsmeltereaktor vil kunna produsera langt meir energi enn både vindkraft og vasskraft, på eit langt mindre areal, hevdar Jacobsen og Hjemdal.

Eit saltkraftverk vil kunna tilby jamn produksjon, til ein låg, fast og føreseibar pris per kWh, legg Jacobsen til.

Unngår nedsmelting
Alvorlege ulukker, som Tsjernobyl og Fukushima, har ført til høglytte diskusjonar i mange land kring konvensjonelle kjernekraftverk basert på uran eller plutonium. Fleire land har vedteke å avvikla kjernekraft.

-Saltsmeltereaktoren byggjer på ein teknologi som nærast eliminerer hovudinnvendingane mot kjernekraft, hevdar Jacobsen.

I motsetnad til konvensjonelle kjernekraftverk har saltsmeltereaktoren ein innebygd mekanisme som førebyggjer «tørrkoking». Går reaktoren tom for brensel, stengjer heile anlegget ned. Reaktoren smeltar ikkje ned, hevdar Jacobsen.

Reduserer radioaktivt avfall
Saltsmeltereaktoren nyttar Thorium som brensel, men treng avfall frå konvensjonelle kjernereaktorar for å starta. I prosessen vert det sterkt radioaktive avfallet redusert til meir stabile forbindelsar med betydeleg kortare halvveringstid.

-Å stengja ned reaktoren på Kjeller vil innebera at vi må ut med 21 milliardar kroner til å verta kvitt det radioaktive avfallet. FrP foreslår i staden at pengane vert nytta til å byggja ein saltsmeltereaktor som kan gjera nytte av avfallet, seier Jacobsen.

I Øygarden
Saltsmelteteknologien finst, men er lite utprøvd. Teknologien treng vidare forsking for å oppnå auka effekt med redusert fotavtrykk. NASA til dømes, har etterlyst ein reaktor som veg to tonn og som produserer nok energi til å senda eit romskip til Mars. Eit slik komprimert anlegg vil også kunna nyttast til framdrift av skip, seier Jacobsen.

Universitetet i Bergen har gjennom det mangeårige forskingssamarbeidet med CERN-reaktoren i Sveits bygd opp eit at dei leiande forskingsmiljøa i landet på kjernereaktorar. Nærleiken til dette miljøet styrkar argumentet for å leggja ein saltsmeltereaktor i Øygarden, er Jacobsen og Hjemdal samde om.

Når olja tek slutt
Ytterlegare 50 milliardar – hovudtyngda av kostnaden med å bygga eit saltekraftverk og etablera eit nasjonalt forskings- og utdanningsmiljø kring saltsmelte-teknologien ønskjer FrP å finansiera ved å kutta elektrifiseringa av olje- og gassinstallasjonane på norsk sokkel.

Istaden håpar partiet på å sparka i gang eit nytt, norsk energieventyr:

-Store norske førekomstar av Thorium tilseier at dette kan vera den energien nordmenn skal leva av etter olje og gass, avsluttar Jacobsen og Hjemdal argumentasjonen for ei nasjonal satsing på kjernekraft.

10 thoughts on “Vil byggja kjernekraftverk i Øygarden

  1. Det har skjedd mye på dette området de siste årene. Det som var nyheter og fakta i 2007 og 2008 er ikke det samme nå da det hele tiden skjer utvikling. Og en må ikke være redd for utvikling som kan brukes til det positive, i dette tilfelle skaffe god energi på en god måte.

    Hvorfor skal ikke Øygarden kommune kunne være en del av den utviklingen og på den måten skape nye og spennende arbeidsplasser og ikke minst være verdt der en skaper ny teknologi.

    For de som ønsker mer informasjon om dette kan se denne videoen.

    Likar

  2. Hva med å drive realistisk lokalpolitikk FrP? Hvorfor skal et lokallag bruke energi på å fremme en teknologi som (muligens) hører fremtiden til? (50 til 100 år?) Ja, Thorium kan bli en energikilde i en fjern fremtid. Her er en link som forklarer noen problemstillinger som må løses. Igjen; bruk kreftene på gode løsninger på dagens lokale problemstillinger. Overlat utvikling av fremtidig atomteknologi til de universitetsmiljøene som har kompetanse.
    https://bellona.no/nyheter/energi/atomkraft/2007-02-hvorfor-norge-ikke-bor-utvikle-thorium-kraftverk

    Likar

    1. Tror du at ting som blir en realitet om 50 år må ligge urørt i 50 år? Da blir det ikke noe om 50 år…

      Likar

    2. Daniel Victor Sandvik, er realistiske lokalpolitikk å si ja til å sprenge kyst-Norge til stumper og stykker for å føre opp vindturbinparker, si ja til å legge ennå flere fosser i rør og si ja til å bruke både inn- og utmark til bioenergi?
      Klimaovertrua har skutt seg selv høyt oppe lysken med det grønne skifte over på fornybare energikilder.
      Det skjønte naturvernguruen og Gaia-hypotesens far James Lovelock allerede i 2004: https://www.independent.co.uk/voices/commentators/james-lovelock-nuclear-power-is-the-only-green-solution-564446.html
      Klimaguruen og NSA-mannen James Hansen sier det samme i 2013: https://www.youtube.com/watch?v=CZExWtXAZ7M

      Kjempebra at Øygarden FrP gjør seg til talsparti i Norge for å satse på kjernekraftverk
      Det er ikke i Storting og Regjering de gode ideene for framtida unnfanges.
      Spesielt ikke på energisektoren med dagens grønnskrudde politikere.
      Det trengs en ny generasjon politikere.

      Følg med på Facebookgruppa «Vi må snakke om kjernekraft» : https://www.facebook.com/groups/kjernesnakk/
      Linken du visert til som Bellona-Bøhmer har laget, er fra 2007.
      Det har rent mye vann i havet siden den tid.

      Klimadoktrinen vil forøvrig med tiden gå ut på dato.
      Det er bare et spørsmål om tid, hvor lenge klimafolka klarer å holde seg ved makta.
      Global CO2 har økt på tross av pandemien; https://www.gd.no/global-co2-har-okt-pa-tross-av-pandemien/o/5-18-1272045

      Likar

  3. Interessant, men en av forutsetningene bør være å avslutte striden om ubåten på Fedje. Det er gjort nok skade med vindmøller og manglende oppfølging av oppdrett. Nå er det på tide å gjenreise verdigheten og tilliten.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.