Skal styrast frå kontrollrommet på Sture/Kollsnes

Northern Lights forhandlar med internasjonale aktørar om mottak av inntil 48 millionar tonn CO2 årleg, men har ikkje planar om mange nye arbeidsplassar på Kollsnes.

Mottaksanlegget for CO2 på Kollsnes vil verta styrt frå kontrollrommet for Sture-Kollsnes med dagens ressursar. Øygarden kommune kan ikkje ha håp om mange nye arbeidsplassar, seier prosjektdirektør Sverre Øyverå i Northern Lights jv. Arkivbilete.


Teknologien svikta delar av dagens digitale pressekonferanse frå Northern Lights. Pressemeldinga rapporterer imidlertid at dei tre eigarane Equinor, Total og Shell har organisert transport- og lagringsdelen av «Langskip-prosjektet» som eit eige joint venture-selskap.

Få arbeidsplassar
Hovudkontoret vil verta lagt til Stavanger.

Bygging og drift av CO2-mottaksanlegget i Øygarden vil verta ivareteke av Equinor, i hovudsak med noverande ressursar. Øygarden bør difor ikkje ha håp om særleg mange nye arbeidsplassar. Til det er anlegget for einkelt og for automatisert, ifølgje prosjektdirektør Sverre Overå i Northern Lights jv.

Anlegget som er under bygging i Øygarden har ein prislapp på kring 7 milliardar kroner. Av det skal staten ta 80 prosent av rekninga, og industrien 20 prosent.

Les: Startskot for CO2-investering til 6,9 millionar

Kommersialisering
Northern Lights jobbar no for å få til ei kommersialisering av mottak og lagring av CO2, seier direktør Børre Jacobsen i Northern Lights jv.

Interessa for fangst og lagring av CO2 er stor internasjonalt. Selskapet forhandlar med nærare 50 potensielle kundar i Europa. Til saman kan dei levera 48 millionar tonn CO2 årleg.

I første fase vil Northern Lights kunna ta mot 1,5 millionar tonn. Røyranlegget ut i Nordsjøen vert planlagt for inntil 5 millionar tonn.

Offentlege støtteordningar
-Skal vi nå klimamåla må Europa fanga og lagra 600 millionar tonn CO2 årleg. Noko som vil krevja fleire slik anlegg som det som no er under bygging i Øygarden, seier Jacobsen.

Kvoteprisen aleine vil ikkje vera utslagsgjevande for å få til ei oppskalering. Det vil imidlertid vera behov for offentlege støtteordningar, skal leverandørane forplikta seg til å inngå langsiktige avtalar, seier direktøren for Northern Lights jv.





Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.