Hevdar advokatar freista å påverka Kontrollutvalet

Medlem Lars Vassenden (R) i Kontrollutvalet har klaga advokatane Einar Drægebø og Claus Holm Isaksen i advokatselskapet Harris inn for Advokatforeninga si klageordning.

Lars Vassenden. Arkivbilete.


Klagen har bakgrunn i det Vassenden oppfattar som advokatane sitt forsøk på å påverka Kontrollutvalet si behandling av tomtefestarsaka i Klokkarvik. Ei sak Kontrollutvalet i Øygarden «arva» frå Kontrollutvalet i gamle Sund kommune og som går tilbake til 2014.

Les: Vil rydda opp i tomtefestesaka

Les: Forskjellsbehandling frå Sund kommune knekte Roald sin privatøkonomi

-Utilbørlig press
-Advokatane har på oppdrag frå ordførar Tom Georg Indrevik (H) skrive dokument som openbart har hatt til hensikt å leggja utilbørleg press på medlemmane i Kontrollutvalet for å freista få saka lagt daud, hevdar Lars Vassenden (R).

Tomtefestarsaka har stått på dagsorden i Kontrollutvalet fleire gongar, så langt utan at saka har blitt realitetsbehandla. Vassenden har opplevd utsetjingane som om administrasjonen har freista trenera saka.

-Kontrollutvalet skal vera eit sjølvstendig organ. Det er utvalet sjølv som på uavhengig grunnlag avgjer kva saker som skal behandlast. Ordførar har ikkje rett til å påverka, seier Vassenden.

Strenge reglar
Reglane for saksbehandlinga i Kontrollutvalet er strenge og fastsett i Kommunelova kapittel 23. Øygarden kommune sitt regelverk for møte i folkevalde organ legg og relevante føringar.

I staden for å svara på Kontrollutvalet sin spørsmål fekk medlemmene til siste møte tilsendt ei rekkje tilfeldige dokument frå administrasjonen, men utan noko saksgrunnlag. Til same møtet oversende Indrevik på nokre få timars varsel ei habilitetsvurdering av kommunedirektør Rune Lid, tidlegare rådmann og økonomisjef i Sund.

-Som tidlegare rådmann og økonomisjef i Sund har Lid vore informert om denne saka nærast frå starten i 2014, hevdar Vassenden.

Det er kontrollutvalet sjølv som avgjer kven som er habil i ei sak. Habilitetsvurdringa er ikkje tinga av Kontrollutvalet. Hadde vi hatt behov for ei slik vurdering, kunne vi bedt om ei objektiv vurdering frå ein uavhengig instans, legg Vassenden til.

Knebla folkevald
I dette tilfellet var habilitetsvurderinga utført av advokatselskapet Harris på oppdrag frå ordføraren i Øygarden, hevdar Vassenden.

Vassenden les habilitetsvurderinga som eit partsinnlegg, tinga frå politisk leiing i kommunen. Her får også han sjølv som medlem i utvalet kritikk for hans eigen personlege stil.

-Vurderinga kan dermed lesast ikkje berre som eit angrep på eit uavhengig politisk organ, men også som eit forsøk på å knebla meg som folkevald, hevdar Vassenden.

Rådgjevar
-Advokatselskapet Harris var juridiske rådgjevarar for tomteigar Opplysningsvesenets Fond og for Sund kommune i perioden der oppjustering av festeavgifta var eit tema, hevdar Vassenden.

-Sett i lysa av dei nære banda Harris har til saka frå tidlegare, burde advokatane ikkje ha påteke seg oppdraget, seier Vassenden.

Mykje å tapa
-Harris advokatkontor kan ha stor eigeninteresse av at saka vert teken av dagsorden til Kontrollutvalet. Dei har tidlegare vore inne i saka, både som forvaltarar for OVF og som juridiske rådgjevarar for Sund kommune, Fellesnemnda og no Øygarden kommune. Dei kan dermed ha bidrege til at saka framstår slik ho står i dag, utdjupar medlemmet i Kontrollutvalet.

Saka er enno ikkje behandla. Advokatane Drægebø og Isaksen har freist fram til 19. mars på å imøtegå Vassenden sin klage til Advokatforeininga si Advokatklageordning.

One thought on “Hevdar advokatar freista å påverka Kontrollutvalet

  1. Er det på vegne av kontrollutvalet, som medlem, eller som privatperson representant Vassenden har klaga inn advokatane?

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.