Kvinnedagen: Øygarden24 analyserer mannsbastionen

Skal ei kvinne frå Øygarden auka sjansen til å få ein karriere utanom «trøyste og bære-yrka» bør ho flytta ut av kommunen.

Annleis går det ikkje an å tolka statistikken over kjønn, løn og utdanning i den konservative mannsbastionen Øygarden. I fyrtårnet vestom bruna er fullført universitets- og høgskuleutdanning slett ingen jobbgaranti for ei kvinne. Heller tvert om. Mange vel – eller vert nøydd til – å flytta vekk skal dei kunna realisera eigne framtidsplanar.

I aldersgruppene frå 18 til 66 år er det eit stort underskot på kvinner i vekstkommunen, ifølgje SSB.

Kan hende ikkje så rart. Øygarden er ein av dei kommunane i landet der lønsforskjellen mellom kjønna er aller størst. Kvinnedagen 8. mars 2021 er kvinnene si snittløn framleis 192.000 kroner lågare enn mennene si.

Sjølv om langt fleire kvinner enn menn kan skilta med å ha fullført høgare utdanning.

Kvinnearbeidsplassane finn vi framleis i hovudsak innan barnehage, skule, helsevesen og handel. Mennene har, teoretisk, ein langt breiare yrkespalett å velja frå. Mange vel likevel tradisjonelt, fordi det lønar seg. Har dei lært seg å meistra ein høgtrykkspylar, kan dei få seg jobb på plattform. Jobba rotasjon og henta dobbel løn samanlikna med sin kvinnelege partnar. Ho er nøydd til å arbeida deltid for å meistra både ungar og jobb medan han ligg i Nordsjøen og får forpleining.

Den skeive kjønnsbalansen vert spegla i politikken. Ordførar og samtlege politiske utval har menn i leiarposisjon. Då er det også mennene sine interesser som vert førande for dei politiske vedtaka.

Les: Gjestekommentar: Øygarden tren fleire kvinner i maktposisjonar

Les: Kommentar: Den nye varaordføraren – det må verta eit kvinneval

Kvinner må vera flinke for å lukkast. I Øygarden er fleire flinke kvinner hyra inn for å verkeleggjera mennene sine til tider hjelpelause politiske visjonar. Trass i at kvinnene har dagleg erfaring med kor skoen trykkjer, har dei liten påverknad på utforminga av politikken. Vel dei å ta brukarane på alvor, kjem dei fort i opposisjon til politikken og får dei finna seg ein annan jobb.

Les: Tomme senger kostar dyrt

Som for å understreka kor mange flinke folk Høgreregjeringa vår faktisk råder over er ein og same karen betrudd heile tre leiarverv: Ernst Morten Einarsen er nestleiar i utval for tenester og levekår, leiar for rådet for personar med funksjonsnedsetjing og nestleiar i gebyrutvalet.

-Kvinnene vil ikkje, vert det hevda.

Les: Gjestekommentar: Mannsbastion er eit merkjeleg ord

Nei vel. Kan hende er det politikken det er noko i vegen med? Ser høgt utdanna, lågløna kvinner verda frå eit anna perspektiv enn det lågt utdanna, høgtløna menn gjer? Når mangemillionærane, byråkratane og fagforeiningsadelen får lov å styra politikken på landsplan vert det naturleg å spørja i kor stor grad dei politiske partia ivaretek interessene til underbetalte, deltidsarbeidande kvinnelege vikarar?

Å freista endra retning på politikken er ei krevjande og utakknemleg oppgåve dei fleste vil vegra seg for å ta i ferde med. MDG og FNB har vist at då bør oppslutnaden vera stor nok til å etablera eit landsdekkjande politisk parti.

Einaste kvinna som var funnen verdig ein posisjon i mannshierarkiet i Øygarden, tidlegare vinnar av liketillingsprisen i Fjell, Torill Selsvold Nyborg, rakk ikkje eingong å varma varaordførarstolen før ho stakk av garde til Oslo og Stortinget. Der gjer ho så godt ho kan for at den skeive lønsfordelinga skal halda fram også etter pensjonsalder, skal vi tru referata frå Stortingssalen, og det bør vi jo. Slitarane, deltidsarbeidande og lågtløna vikarar skal etter eit langt arbeidsliv framleis ha ei inntekt som ligg godt under EU sitt fattigdomsgrense.

Den mest effektive diskrimineringa er den som er så sjølvsagt at ingen reagerer. Når slike som Selsvold Nyborg lukkast i å innta stadig nye posisjonar, er det fordi dei er flinke – men også fordi dei har klart å dra stegen opp etter seg.

Systemet er bygde for å ta vare på systemet. Øygarden er ein kommune der kvinnelege gründarar, særleg i utradisjonelle yrke, ikkje vert tekne på alvor. Vi tenkjer for mykje. At vi vågar omtala korleis systemet eigentleg fungerer, oppfattar mannsbastionen som ein trussel.

Til lukke med kvinnedagen, jenter. Don`t get mad. Get even!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.