Tomme senger kostar dyrt

Mangel på korttidsplassar til å ta mot ferdigbehandla sjukehuspasientar kostar Øygarden dyrt.

Ved å ta i bruk paviljongen ved Fjell sjukeheim som i dag står ledig vil Øygarden kunna etablera fire korttidsplassar for pasientar som er ferdigbehandla i spesialisthelsetenesta. Arkivbilete.

Talet på Øygardsstrilar som var ferdigbehandla på sjukehusa og som trong korttidsopphald på institusjon før dei kunne flytta heim eksploderte i fjor.

Når pasientane er ferdigbehandla i spesialisthelsetenesta er det kommunane sitt ansvar å ta i mot dei. Mangel på korttidsplassar i Øygarden førte til at ferdigbehandla pasientar med tilknyting til kommunen i fjor måtta tilbringa 500 ekstra liggjedøgn på sjukehusa. Ein auke på heile 669 prosent samanlikna med dei 65 liggjedøgna i 2019, ifølgje sakspapira til utval for tenester og levekår neste veke.

Ein ferdigbehandla pasient i eitt døgn på sjukehus kostar kommunen 5.167 kroner. Mangelen på korttidsplassar utløyste dermed ei ekstrarekning frå Helse Bergen på totalt 2,5 millionar kroner. Ein ekstra utgiftspost som ikkje var føresett i budsjettet.

Mange ledige senger
Om talet på utskrivingsklare pasientar held seg på same nivå i år, vil det vera god økonomi å henta heim fleire av desse pasientane. Tilby dei ein korttidsplass på ein av våre eigne institusjonar framfor å betala dyrt for liggjedøgn i spesialisthelsetenesta, konkluderer kommunalsjef for helse og velferd Line Barmen i saksframlegget til utvalet.

For det er ikkje senger det står på. Knapp økonomi og manglande pengar til løn gjer at ti prosent av alle heildøgns omsorgsplassar i kommunen for tida står tomme. 

Les: Her står sengene tomme

Ved Fjell sjukeheim er det 14 heildøgns omsorgsplassar i paviljongen som ikkje er i bruk. Åtte av dei er spesielt tilpassa personar med demens. I det kommunale prestisjeprosjektet Øygarden lokalmedisinske senter til 320 millionar kroner som vart opna for sist vår er det framleis 10 sengeplassar som ventar på å verta tekne i bruk

Ta i bruk paviljongen
For å løysa krisa føreslår helsesjefen å ta i bruk dei 14 plassane i paviljongen ved Fjell sjukeheim som i dag står ledige, og
overføra ti pasientar frå fløy 1 ved Fjell sjukeheim. Denne vil då stå ledig inntil vidare.

Dei fire siste plassane i paviljongen kan då takast i bruk til utskrivingsklare pasientar, ifølgje Barmen.

Ei slik løysing vil utløysa behov for å rekruttera to og eit halvt ekstra årsverk, noko som igjen vil belasta budsjettet med 1,7 millionar kroner ekstra.

Varierande behov
Behovet for korttidsplassar til utskrivingklare pasientar vil variera gjennom året. Når behovet ikkje er tilstade, kan dei nytilsette gå inn som vikar ved Fjell sjukeheim, Straume bu-og servicesenter eller Øygarden lokalmedisinske senter.

 

 

One thought on “Tomme senger kostar dyrt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.