Føreslår å kutta 110 årsverk

Tilbod om frivillige sluttpakkar kan verta første steget på vegen mot ei omfattande nedbemanning i Øygarden kommune.

Har for mange tilsette, kommunedirektør Rune Lid. Arkivbilete.

For å nå budsjettmåla vil det vera behov for å kutta 40 årsverk i Øygarden kommune dette året, og ytterlegare 70 årsverk neste år, estimerer kommunedirektør Rune Lid, ifølgje sakspapira til møtet i administrasjonsutvalet neste veke.

Tilbod om frivillige sluttpakkar ser kommunedirektøren som den første og mest nærliggjande løysinga for å nå dei økonomiske måla. I neste omgang kan det verta aktuelt med oppseiingar.

Individuelt
Alle fast tilsette skal kunna søkja om sluttpakke. Alle søknadar vil verta vurdert individuelt. Storleiken på sluttpakkane vil verta avgjort av alder og tilsetjingstid i kommunen.

Dei som er 62 år eller eldre kan få tilbod om vanleg løn i tre månadars oppseiingstid. I tillegg kjem etterløn i ni månadar. Har du vore tilsett i mindre enn fem år, kan du få tilbod om ordinær løn i oppseiingstida på tre månadar i tillegg til tre månadars etterløn..

Kostnadskutt
Svekka inntekter kombinert med eit politisk krav om balanse i økonomien inneber at Øygarden er nøydd til å kutta kraftig i kostnadane dei komande åra.

Les: Øygardsøkonomien 2021: Nokon må ut

Lønskostnadane utgjer 70 prosent av driftsbudsjettet. Ein topptung organisasjon inneber at snittløna per tilsett i dag utgjer ein stad mellom 600.000 og 700.000 kroner medrekna sosiale kostnadar.

Ressursgruppe
Ein slank og effektiv organisasjon skulle verta resultatet av samanslåinga av Fjell, Sund og Øygarden. Trass mange vakante stillingar, klarte kommunedirektøren den gongen å finna stillingar som kunne kuttast. Dei overtallige vart plassert i ei sokalla ressursgruppe. Her er det framleis personar som ikkje har funne nye oppgåver.

Les: Ikkje alle kan rekna med å få behalda jobben

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.