Kommentar: Journalisten sitt dilemma

Kor mykje skal ein journalist føresjå at lesarane veit?

Eit krav til god journalistikk er at han treff lesarane heime. At bodskapen treff målgruppa. Suksess avheng av i kor stor grad journalisten kjenner målgruppa. 

Utvida menigheten
Journalisten må freista føresjå kor mykje lesarane veit om temaet på førehand. Så må hen velja om hen skal skriva for «menigheten», eller om han skal freista vinna nye lesarar for saka og auka folk flest si interesse for temaet. Vel journalisten det siste, vil suksessen avhenga av om hen klarar gjera ei riktig vurdering av kor mykje bakgrunnsinformasjon som er naudsynt å skriva inn i saka.

«Det grøne skiftet» har lenge vore eit buzzword. Interessa er vekt ute i publikum, og no er det tid for å fylla uttrykket med meining og informasjon om konkrete løysingar.

Mange vinklingar
Ein pressekonferanse på Teknologisenteret tidlegare i veka var det som utløyste denne kommentaren. Straumeverksemda Iceco2 AS har inngått avtale med Renevo AS frå Stord om kjøp av 500 tonn CO2 årleg. Den innkjøpte CO2en skal vera produsert av naturlege avfallstoff, som gjødsel, fiskeslam og daud fisk, og skal erstatta CO2 produsert av naturgass i Iceco2 sin produksjon.

Ei teknisk komplisert sak som kunne vinklast på mange måtar. 

Fakta
Saka kunne komprimerast til ein kort omtale av sjølve avtalen, slik det er gjort på heimesidene til Øygarden kommune.

Les: Underteikna kontrakt for levering av 500 tonn Bio-CO2

Lesarane får vita kven som er avtalepartar, mengde som skal leverast og ørlite om kva leveransen skal nyttast til. Den stengt faktabaserte omtalen er meint som informasjon til «menigheten». Til lesarar som har tilknyting til aktuelle bransjar og som veit at kommersiell CO2 kan produserast frå fleire kjelder.

Om lesaren frå før ikkje er interessert i CO2, er dette ei sak blikket vil gli raskt forbi.

Vinna nye lesarar
Øygarden24 valgte ei breiare tilnærming. Vi ønska å utvida «menigheten» gjennom å popularisera eit teknisk krevjande tema ovanfor ei lesargruppe som vi antek veit lite om CO2 og CO2-produksjon. Gjera enno fleire lesarar merksame på kva det grøne skiftet kan by på av mogelegheitar. 

Den engasjerte orienteringa frå gründar Jan Kåre Pedersen i Renevo om råvarene som inngår i deira produksjon gjorde det freistande å skissera detaljar i denne tilnærminga til avfallsbehandling og sirkulær økonomi.  For mange tekniske detaljar ville imidlertid berre ha forvirra. Samstundes er det ein fåre for at journalisten kan koma til å avsløra at hen heller ikkje har forstått alt rett.

Les: Føretrekkjer CO2 frå gjødsel framfor naturgass

Gjødsel og fiskeslam er noko konkret, noko sjølv dei aller mest urbane av oss kan forhalda oss til. Lesarane veit at avfallsstoffa ikkje akkurat luktar som parfyme, men tenkjer det er bra om dei kan koma til nytte som råvarer i andre produkt.

Biologisk nedbrytbart
For CO2 er CO2, uansett kva han er produsert av. Men CO2 er ikkje berre ein problematisk klimagass.

Frå eit klimaperspektiv er det langt frå likegyldig kva råvarer som inngår i produksjonen. Renevo produserer CO2 som eit biprodukt i samband med produksjonen av biogass. Forretningsidèen tek utgangspunkt i biologisk nedbrytbart avfall.

Og det håpar eg Øygarden24 lukkast med å få fram til enno fleire. 

Slike døme på sirkulær økonomi vil det verta mange fleire av i åra som kjem. Er du eining? Øygarden24 kastar seg gjerne ut på djupt vatn, og vil gjerne ha tips om ditt prosjekt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.