Då er dagsturhytta på plass

Endeleg, no er dagsturhytta på plass ved Larslivatnet.

For alle slags vêr: Turgåarane kan sitja under tak når det regnar og i tribuna når sola skin, smiler innleigd prosjektleiar Dag Eivind Hagesæter

Ivrige hammarslag og ilter fresing frå ei elektrisk sag varslar turgårane på Kyrkjevegen frå Foldnes til Hjelteryggen om at første dagsturhytta i Øygarden omsider er på plass i Foldnesmarka. I går monterte handverkarane dei fire prefabrikkerte modulane til hytta på fundamentet, og no går det an å sjå korleis hytta vil ta seg ut i attmed Larslivatnet.

Eitt rom med utsikt mot Larslivatnet.

Handverkarane vil trenga enno ei vekes tid før innreiinga er på plass og hytta kan takast i bruk, seier innleigd prosjektleiar Dag Eivind Hagesæter i byggmeistarverksemda Stadt Kystbygg.

Den 15 kvadratmeter store hytta får eitt rom og hems der folk kan gå inn og eta matpakka og lesa bøker. Solcellepanel og vedomn skal sørga for lys og varme. Innlagt vatn er det ikkje.

Idèen til dagsturhytta kjem frå Sogn og Fjordane. Tilsvarande hytter skal plasserast ut i gamle Sund og Øygarden, forutan i samtlege kommunar i Vestland fylke.

Dagsturhytta er eit spleiselag mellom fylkeskommunen, Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølv. 

Det er Rojo arkitektar i Trondheim som har teikna hytta.

Glir fint inn i terrenget ved Larslivatnet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.