Ramlar på nasjonal ranking

Rekordomsetnad på Vinmonopolet bidrog til ein beskjeden samla inntektsvekst i butikkane på Sartor Storsenter i 2020.

Sartor Storsenter. Arkivbilete.

Fjoråret var utfordrande for mange handelsverksemder i Øygarden. Nedstenginga i første halvår gjekk hardt ut over omsetnaden også på Sartor Storsenter.

Les: Held på 8. plassen

Daglegvare, apotek og Vinmonopolet unngjekk nedstenging. Dei var viktige bidragsytarar til at butikkane på Sartor Storsenter nådde ein samla omsetnad på 2,226 milliardar kroner i 2020. 12 millionar kroner meir enn i 2019, tilsvarande ein auke på beskjedne 0,5 prosent, ifølgje presentasjonen finsansansvarleg Arne B. Sperre i Olav Thon Eiendomselskap haldt i samband med framlegginga av årsrapporten.

Børsnoterte Olav Thon Eiendom er dominerande aktør innan handlesentre i Norge. Sartor Storsenter er eitt av 78 handlesentre som Oslo-verksemda eig eller kontrollerer. Samla omsetnad i konsernet i fjor var på 53 milliardar kroner, noko som inneber ein vekst på 5,5 prosent i koronaåret.

Omsetnaden i handlesenteret på Straume flatar ut. Andre handlesenter veks. Lagunen var det handlesenteret i Thon sin portefølje som vaks mest.  Bergensarar og strilar la att heile 337 millionar kroner meir i butikkane her i koronaåret enn i 2019, ein auke på heile 10,6 prosent.

Omsetnaden i toppåret 2019 sikra Sartor Storsenter ein 7. plass på den nasjonale rankinga. Etter fjoråret var dei nede på ein 10. plass. Gapet opp mot Alna Senter i Oslo på 9. plassen er større enn avstanden ned til City Nord i Bodø. 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.