Ser etter tomt til biogassanlegg i Øygarden

Renevo AS sitt biogassanlegg på Stord skal verta det første av ti. No leitar gründer Jan Kåre Pedersen etter høvelege tomtar til etablering av tilsvarande anlegg andre stadar i landet.

Jan Kåre Pedersen.

-Øygarden kan vera ein aktuell stad, seier Pedersen til Øygarden24.

Les: Kupromp skal få øl og sider til å sprudla

Eit eventuelt biogassanlegg i Øygarden vil vera ein blåkopi av anlegget på Stord. Det vil seia at dei treng ein tomt på kring 12 mål.

I nærmiljøet
På Stord hentar dei avfall innan ein køyreavstand på ein time. Noko tilsvarande må vera tilfelle i Øygarden, skal det verta aktuelt med ei etablering her, understrekar gründaren.

Øygarden har rikeleg tilgang på energirikt fiskeavfall, som kan vera ein sentral ingrediens i produksjonen av biogass. Tilgang på gjødsel frå landbruket kan det derimot verta verre med. Til gjengjeld byr Bergens-området på store mengder matavfall. Slam frå kloakk kan også tenkjast å inngå i produksjonen, seier Pedersen.

Forsking
Gründaren på Stord er oppteken av å byggja. Det er laga nok utgreiingar, hevdar han.

Arbeid for forskarane vil det likevel verta i tilknyting til dette prosjektet, også. Gjødsel frå landbruket inneheld bakteriar som er naudsynt for spaltinga av dei ulike avfallsstoffa under produksjonen av biogass. Ein veit imidlertid for lite om kva som vil vera optimale blandingstilhøve, seier Pedersen.

-Forskinga bør skje her på Vestlandet, seier gründaren på Stord.

Lukt
Før anleggsstart på Stord var naboane uroleg for luktproblem som følgje av bruken av gjødsel, fiskeslam og daud fisk som råvarer i produksjonen.

-Lukt skal normalt ikkje vera noko problem, seier Pedersen men legg til at slikt kan førekoma i eit pilotanlegg.

Enova-støtte
Sidan biogassanlegget på Stord er eit pioneranlegg har Enova bidrege med 50 millionar kroner av investeringa på totalt 200 millionar kroner.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.