Føretrekkjer CO2 frå gjødsel framfor naturgass

Gjødsel og fiskeavfall skal frå hausten av erstatta naturgass som råstoff når Iceco2 produserer kolsyre og tørris.

Saman om CO2: Thor Berg (th) i Iceco2 AS og Jan Kåre Pedersen i Renevo AS.

CO2 er smak- og luktfri. Næringslivet kan nytta «problemavfallet» CO2 i komprimert form til mange føremål. Kolsyre i ølet, brannslokking og tørris til nedfrysing av matvarer under transport er berre nokre døme på kommersielle anvendingar.

10 millionar
Iceco2 AS i næringsparken på Straume har sal av komprimert CO2 i som forretningsidè. Verksemda er einaste leverandøren av komprimert CO2 på Vestlandet. Inngåtte avtaler sikrar ein årleg omsetnad tilsvarande kring 10 millionar kroner, seier dagleg leiar Thor Berg.

Leveransane av komprimert CO2 har til no skjedd med utgangspunkt i CO2 frå naturgass, produsert på Herøya. Frå oktober er planen at dei skal skifta over til grøn CO2 laga med utganspunkt i naturleg råstoff som gjødsel frå landbruket, slam frå fiskeoppdrett og daud fisk, seier Berg.

Biprodukt

Bobler i øl og sider: Behaldarar med komprimert kolsyre til produksjon av bobler i øl og sider er eit viktig sluttprodukt for Thor Berg og Iceco2 AS.


Den grøne CO2en skal leverast frå Renevo AS sitt pilotanlegg på Stord. I dag underteikna dei to verksemdene ein avtale om levering av 500 tonn CO2 årleg for vidare foredling.

For Renevo er CO2 eit biprodukt frå produksjonen av biogass til transportføremål. Avtalen inneber at Øygardsverksemda skal ta imot og vidareforedla åttendedelen av Renevo sin årlege produksjon av CO2.

Tørris
Tørris er eit marknadsområde som peikar seg ut for vidare ekspansjon. Tørris utgjer i dag 40 prosent av Iceco2 sin produksjon. Tørris vert nytta mellom anna til kjøling og frysing av matvarer under transport. Tørrisen vert laga av komprimert CO2. 2,5 kilo CO2 vert eitt kilo tørris. Når isen smeltar går han tilbake til CO2 i gassform.

Langt fleire fiskeleverandørar til dømes, kan med fordel nytta tørris under transport framfor vannbasert is. Tørris vil sikra ein jamnare temperatur samstundes som ein unngår avrenning, reklamerer Berg.

CO2 – ein ressurs
-Det grøne skiftet er i full gang i nærmiljøet, konstaterer ordførarar Tom Georg Indrevik etter ein presentasjon av Iceco2 sine planar. Teknologioptimisten er overtydd om at CO2 i framtida vil vera ein viktig ressurs, og ikkje noko problem, som i dag.


2 thoughts on “Føretrekkjer CO2 frå gjødsel framfor naturgass

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.