Helsearbeidarar utgjorde testgruppa då Øygarden kommune testa massevaksinasjon i Sotra Arena.

Sotra Arena skal vera hovudarena for den planlagte massevaksinasjonen i Øygarden. Inntil 1.200 personar skal kunna vaksinerast i løpet av ein dag.
Les: No kan du registrera deg i vaksinekø
I dag testa dei opplegget. 60 personar vart vaksinerte i løpet av ein time, tilsvarande halvparten så mange som det vert lagt opp til når vaksinasjonen kjem i gang for alvor, ifølgje heimesida til Øygarden kommune.
Dei 178 helsearbeidarane som utgjorde testgruppa fekk alle kvar sin dose AstraZeneca-vaksine.
-Vi opplever at dette har fungert svært godt. Det må gjerast nokre småjusteringar når det gjeld logistikken. Parkeringskapasiteten var god, seier leiaren for den operative arbeidsgruppa for vaksinasjonen, Grethe Bergsvik.
Håper de unngår de verste bivirkningene, dette er et eksperiment må vite.
https://www.document.no/2021/02/03/sveits-godkjenner-ikke-astrazeneca-vaksinen/
LikarLikar