Næringsrikt lakseavskjær skal bli til mat

Biomega Group AS på Skaganeset får støtte frå regionalt forskingsfond Vestland til å omdanna næringsrikt avskjær frå oppdrettslaks til matkonsum.

Næringsrik lakseolje. Foto: Biomega Group AS.

Biomega AS på Skaganeset spaltar oljerikt avskjær frå produksjon av oppdrettslaks til protein. Storparten av det næringsrike proteinpulveret har til no inngått som ingrediens i dyrefôr. Verksemda har imidlertid lenge hatt planar om å satsa på produkt som tilfredstiller krava til råvarer som kan inngå i humant konsum. 

Proteinpulveret kan til dømes tenkjast å inngå som ingrediens i næringsdrikkar til eldre og sjuke, i medisinar eller i sportsdrikkar.

Les: Omdannar fiskeavskjær til protein – fann investor i USA

Bioraffineriet på Skaganeset får no 2,1 millionar kroner i støtte frå Regionalt forskingsfond Vestland. Pengane skal gå til å utvikla ein metode for å nytta større del av restråstoffet frå produksjon av oppdrettslaks til matkonsum i staden for til dyrefôr. Biomega AS hentar fersk råstoff frå fleire leverandørar i Vestland til produksjonen av lakseolje og lakseprotein. Prosjektet handlar om å identifisere beste metoden for å ivareta kjøling av råstoff, konservering av råstoff og bruk av rett antioksidant til råstoffet, ifølgje ei melding frå Vestland fylkeskommune.

Prosjektet skal gjennomførast i samarbeid med to råstoffleverandørar og med forskingsinstituttet NOFIMA.

– Biomega AS har lenge vore ein drivar innan fagområdet sitt og nyttar forsking som verktøy i utviklingsarbeidet. Det er gledeleg at Regionalt forskingsfond Vestland kan finansiera meir forsking som kan bidra til auka berekraft i lakseproduksjonen og sirkulærøkonomien i fylket vårt, seier fylkesordførar Jon Askeland.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.