Utolmodig etter vaksine

Øygardsstrilar i alderen 65 – 74 år er dei mest utolmodige etter å bli vaksinerte mot covid-19.

Så langt har 12.552 øygardsstrilar meldt frå at dei ønskjer å stå i vaksinekø, melder Øygarden kommune.

Les: No kan du registrera deg i vaksinekø

Av dei som har registrert seg er 2.527 personar i alderen 65 – 74 år. Oppslutnaden i denne aldersgruppa er dermed på heile 68,5 prosent.

I aldersgruppa 18 – 64 år er det heile 10.025 personar som har meldt frå at dei ønskjer å stilla seg i vaksinekøen. Her er likevel oppslutnaden noko lågare, 43,5 prosent.

For å oppnå sokalla flokkimmunitet, må kring 70 prosent av innbyggjarane velja å vaksinera seg, ifølgje smittevernlege Jens Eikås.

Berre 13 personar har så langt meldt frå at dei ikkje ønskjer å vaksinera seg, men her er det truleg store mørketal.

Personar på 75 år og eldre vil få tilbod om vaksine hos fastlege sin. For friske born og unge under 18 vert det vurdert som ikkje aktuelt å tilby vaksine.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.