Klar til montering – her står dagsturhytta

Monteringa av første dagsturhytta i Øygarden startar neste veke.

Prefabrikkerte modular gjer det einkelt å få dagsturhytta på plass, straks fundamentet er klart.

Monteringa av dagsturhytta ved Larslivatnet har blitt eitpar månadar forseinka. Neste veke skal imidlertid alt vera klart, lovar innleigd prosjektleiar Dag Eivind Hagesæter i Stadt Kystbygg AS som står for produksjon og montering.

Les: Klar for montering før jul

Ei dagsturhytte er eit lågterskeltilbod til turgåarar. Ei hytte på kring 15 kvadratmeter der du kan går inn og eta matpakka di, få att varmen og bla i bøker.

Les: Vil ha dagsturhytter i alle kommunar

Midten av mars
Alle hyttene vert laga etter ein felles teikning, og bygde som modular i verkstadhallen til Stad Kystbygg. Modulane vet deretter frakta til byggjeplassen med båt, lastebil eller helikopter og monterte saman på staden.

Dei fire prefabrikkerte modulane som skal utgjera ytterveggane i dagsturhytta ved Larslivatnet står no klare ved Foldnes kyrkje i påvente av at telen skal gå av jorda slik at arbeidslaget kan støypa fundamentet hytta skal stå på. Når betongen er tørr vil ytterveggane koma på plass i løpet av ein dag, og så vil innreidningsarbeidet ta kring to veker, ifølgje prosjektleiaren.

I midten av mars bør hytta stå klar til innviing, tenkjer han.

Universell tilgang
-Larslivatnet er ei veldig spanande plassering. Køyreveg heilt fram gjev veldig god universell tilgjenge, mellom anna for dei som nyttar rullestol, seier prosjektleiar Atle Skrede i Vestland fylkeskommune.

Dette vert den første av tre dagsturhytter i Øygarden kommune. Opphaveleg var det berre gamle Fjell som søkte om å få utplassert dagsturhytter før freisten gjekk ut. Politiske vedtak like før jul opnar for at det likevel vert dagsturhytter både i gamle Sund og Øygarden. Av omsyn til finansieringa må hyttene i tidlegare Sund og Øygarden likevel venta til 2022, seier Skrede.

Prosjektet vert finansiert som eit spleiselag mellom fylkeskommunen, kommunane, spelemidlar og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Tre hytter
Tre hytter i Øygarden opnar for ulik plassering i terrenget. Ikkje alle treng stå i tilknyting til ein opparbeida turveg, ifølgje Skrede.

Ordførar Tom Georg Indrevik er i dag på synfaring på Veten for å sjå om hytta i Sund kan plasserast i tilknyting til høgaste punktet i den tidlegare kommunen.

Frå Sogn og Fjordane
Konseptet med dagsturhytter er utarbeida i kommunane i Sogn og Fjordane etter ide frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Hausten 2019 kunngjorde Fylkesutvalet i Hordaland at dei ønskjer å medverka økonomisk til at kommunane her i fylket får same tilbodet. Etter at alle kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane har fått sine hytter står no kommunane i Hordaland for tur.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.