Folkeveksten er klar

Øygarden er den av kommunane kring Bergen som vaks mest i 2020, både når det gjeld barnefødslar og tilflytting.

Øygarden har ikkje kome over oljeprisfallet i nedgangen i talet på arbeidsplassar i offshorenæringa i 2015. Den låge folkeveksten frå dei siste åra haldt fram i 2020. Det er klart etter at SSB i dag har offentleggjort tala for folkeveksten i fjerde kvartal 2020.

Samla folketal i Øygarden ved siste årsskifte var 38 664 personar. Det var 348 fleire enn ved forrige årsskifte, tilsvarande ein folkeauke på nøyaktig ein prosent. Det var likevel 150 fleire enn i 2019.

Øygarden er ein ung og fruktbar kommune. «Heimeproduksjonen» er i aukande grad den som står for auken i innbyggjartal. Fødselsoverskotet utgjorde heile 233 personar og stod for to tredelar av veksten. Ei i overvekt av fødslane skjedde i andre og tredje kvartal.

Eigedomsmarknaden vitnar om at Øygarden har ein heftig turnover – SSB sine tal avslører at heile fire prosent av innbyggjarane vart skifta ut gjennom året. Netto tilflytting gjennom heile året utgjorde likevel berre 115 personar. Meir enn halvparten av tilflyttarane kom i tredje kvartal.

Korona og stengte grenser bidrog til at Norge i fjor hadde lågaste folkeveksten sidan 2001. Øygarden fekk likevel større folkevekst som følgje av innvandring frå utlandet enn som eit resultat av tilflytting frå andre kommunar.

Tala for Øygarden viser ei tilsvarande utvikling som i dei andre nabokommunane til Bergen. I Bjørnafjorden auka folketalet med 141 personar. I Alver utgjorde folkeveksten 113 personar og i Askøy 41 personar.

Både Alver og Askøy hadde negativ folkevekst i tredje kvartal – månadane der Øygarden vaks mest. Korvidt folk flytta frå desse kommunane og til Øygarden kjem ikkje fram av statistikken.

  01.01.2020 Fødsels-overskot Netto tilflytting Folkevekst 31.12.2020
Øygarden        38 316 233 115 348         38 664
Askøy        29 553 119 -75 41         29 594
Bjørnafjorden        24 908 96 42 141         25 049
Alver        29 224 98 15 113         29 339

 

2 thoughts on “Folkeveksten er klar

  1. Takk for oppdatering! Det bekreftet mine spekulasjoner.

    …kommunen allerede har økt vann- og avløpsgebyrene betydelig og at øyen sliter med omdømme som følge av bompengeregimet som ble etablert for noen år siden. Noe som har fått så alvorlige konsekvenser at befolkningsveksten har stagnert.

    Vil kommunen noen gang vil nå milepælen 30 000 innbyggere nå som folk snakker om å flytte fra Askøy?

    https://resett.no/2019/06/20/avgiftslandet-norge/

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.