Statsminister Erna Solberg fyller 60 år onsdag.

60-årsdagen bør markerast! Kva med å visa det norske folk at du Erna, saman med ministrar og stortingspolitikarar også er med på dugnaden det norske folk har vore tvunge til å delta i siste året? Gje litt tilbake…?
Ordførar Marianne Borgen i Oslo synes at ei løn på over 1,4 millionar som ordførar er altfor mykje. SV-ordføraren føreslår å kutta løna for toppolitikarar ned til 1,7 prosent av snittinntekta til «folk flest».
Les: Oslos ordfører vil kutte i egen lønn
På DN.no har dei markert statsministeren sin 60-årsdage med ein biletkavalkade der dei freistar framstilla jubilanten som eit «vanleg» menneske. Ei årsløn for norske toppolitikarar tilnærma det normale for nordmenn flest ville ha langt vore meir overtydande, Erna. Særleg framfor eit Stortingsval i eit år der mange nordmenn er oppsagte eller permitterte og har opplevd eit kraftig kutt i inntekt og levestandard.