Tre lokale leverandørar skal dela på støykontrakt til 250 millionar

Alle dei tre lokale leverandørane som har lagt inn bod på støytiltak i tilknyting til det nye Sotrasambandet vil truleg få sin del av oppdraget.

Nærare 300 bustadar langsmed det nye Sotrasambandet må støyisolerast.

Det melder Statens vegvesen. Alle dei tre prekvalifiserte leverandørane har levert inn tilbod. Kontrakten vil verta utforma som ein fireårig rammeavtale med opsjon på forlenging.

Etter at forhandlingane er gjennomført vil inntil tre leverandørar kunne tildelast kontrakt. Dei vil deretter konkurrere om oppdrag gjennom eigne avrop innanfor rammeavtalen.

Nærare 300 bustadar langsmed det nye Sotrasambandet vil ha behov for støyisolerande tiltak, ifølgje støymålingane som tidlegare er utført. 

Les: Behov for støytiltak på 300 bustadar

Statens vegvesen reknar med å tildela kontraktane i april, og at arbeidet kan ta til i løpet av sommaren. Dei mange bustadane som treng støyreduserande tiltak inneber at arbeidet vil pågå parallelt med gjennomføringa av OPS-kontrakten.

Desse lokale leverandørane konkurrerer om oppdrag på støyisolasjon, til ein samla rammeverdi på 250 millionar kroner.

Desse har levert tilbod:
*Åsane Byggmesterforretning AS
*Bergan bygg AS
*TH BHAS BYGG

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.