Krim: Næring til konspirasjonsteoriane

Så ille kan ein pandemi tenkjast å utvikla seg.

Med «Lewis-triologien» posisjonerte den skotske krimforfattaren Peter May seg som ein av norske krimlesarar sine favorittar. «Lockdown i London» vart skriven før han slo gjennom. Med utgangspunkt i fugleinfluensaen i 2005 skreiv han ein skrekkvisjon om korleis ein global pandemi kan tenkjast å utvikla seg. Etter utbrotet av korona-pandemien vart manuset henta fram frå skuffa.

I London er det innført portforbod. Soldatar vaktar gatene og røvarbandar herjar i den nær folketomme byen. Vaksine er reservert for nokre få utvalde. Tusenvis døyr kvar dag, og det er behov for å få bygd eit nytt pandemisjukehus fort som berre f… Så dukkar det opp eit barneskjelett på den planlagte sjukehustomta.

Kriminalbetjent Jack MacNeil får i oppgåve å oppklara det som openbart er eit grotesk drap. I kamp mot viruset og mot klokka – i morgon skal han pensjonera seg – sporar kriminalbetjenten drapsmannen gjennom miljø som driv med virusforsking og smittesporing. Vaksineproduksjon er sjølvsagt ein ingrediens i plottet. Som sekvensane i eit DNA-molekyl flettar MacNeil si etterforsking seg saman med skjebnen til ein massemordar som det etterkvart viser seg opererer på oppdrag frå ein vaksineprodusent. 

Dei som bryggjer på konspirasjonsteoriar i tilknyting til dagens pandemi vil utan tvil finna næring i den noko overraskande slutten i «Lockdown i London». For dei aller fleste vil boka verta oppfatta meir som science fiction enn som krim.

Ingen trivest med maskebruk og heimekontor. Sporadiske nedstengningar, oppseiingar og permitteringar har ramma mange hardt. Trøysta for lesarane flest vil vera at korona trass alt kunna ha ramma oss verre, lengt verre.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.